Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  16 (Kriser og klassekamp i Noreg)   >  Portrett  >  Katti Anker Møller
   
  16. KRISER OG KLASSEKAMP I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Katti Anker Møller – viktig arbeid for svake grupper

Cathrine Anker (1868–1945) blei fødd i 1868. Ho utdanna seg til lærar. Ho var eit år i Frankrike der ho fekk oppleve dei grufulle tilhøva prostituerte og einslege mødrer levde under. Det kom til å prege henne resten av livet.

Viktig arbeid for svake grupper
Katti brukte livet sitt til å kjempe for rettane til kvinner og særleg mødrer. Nokre kampsaker var:
  • Heimar for ugifte mødrer
  • Prevensjonsopplysning
  • Fri abort
Like rettar
Ho hadde stor innverknad på politikarar også, noko som resulterte i barnelovene i 1915. Desse lovene sikra barn fødde utanfor ekteskap like rettar som såkalla ektefødde barn. Katti Anker Møller hadde mange motstandarar.

Kontroversiell familieplanlegging
Ho påstod at morskapet skulle vere ei glede, ikkje tvang. Dermed måtte kvinner få opplysning om og tilgang til prevensjon, noko som mellom andre Sigrid Undset var usamd med henne i.

Ho fekk heller ikkje støtte frå kvinnesaksrørsla i sin kamp for familieplanlegging. Kampen hennar for ein familievennleg politikk resulterte mellom anna i innføring av barnetrygda i 1946, noko ho dessverre ikkje fekk oppleve sjølv.