Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  16 (Kriser og klassekamp i Noreg)   >  Portrett  >  Vidkun Quisling
   
  16. KRISER OG KLASSEKAMP I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Vidkun Quisling – telemarking med militære ambisjonar

Vidkun Abraham Lauritz Quisling (1887–1945) blei fødd i Fyresdal i Telemark i 1887. Han var presteson, og etter at han var ferdig med artium, gjorde han ein militær karriere.

Frå hjelpearbeid til politikk
I 1918 drog han til Petrograd og deretter til Helsinki som militærattaché. Han hoppa av militærkarrieren som major for å bli sekretær i Folkeforbundskommisjonen for hjelpearbeidet i Russland, leidd av Fridtjof Nansen.

I 1931 blei Quisling forsvarsminister i Bondepartiregjeringa og hadde mellom anna ansvaret for forsvaret under Menstadslaget, der det blei skote mot streikande arbeidarar.

Skipa NS og møtte Hitler
Quisling rauk uklar med fleire av politikarkollegaene sine, og i 1933 skipa han sitt eige parti, Nasjonal Samling, der han sjølv blei leiar. NS fekk ingen stor oppslutnad, og spelte inga politisk rolle i Noreg. Quisling beundra den tyske nazismen. I 1939 møtte han Hitler i håp om å få tysk støtte til at NS kunne ta makta i Noreg. Men Hitler var ikkje særleg oppglødd over Quisling eller planane hans.

Kjend namn
Kva som seinare skjedde med Quisling, er kjent over heile verda. Namnet hans er eitt av få norske ord som har blitt internasjonalt.