Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  16 (Kriser og klassekamp i Noreg)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Fritid i ulike livsverder
   
  16. KRISER OG KLASSEKAMP I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Fritid i ulike livsverder

Åttetimarsdagen frå 1918 og to vekers ferie frå 1936 gav dei fleste meir fritid. Folk som var i arbeid, fekk auka levestandard, og fleire hadde råd til å reise på ferie eller bruke pengar på fritidsaktivitetar. Men dei politiske splittingane i tida prega også lokalsamfunn, kvardagsliv og fritid. Skilnader mellom kjønna blei også sterkare markerte enn før. Kva innebar desse tendensane for menneska i mellomkrigstida?

Massekultur og massekommunikasjon
1896–1913: Dei første levande bileta i Noreg. Alle kan vise film.
1905: Landet får kongefamilie. Vekeblada aukar i opplag.
1913: Statens filmtilsyn oppretta, kommunal kinodrift, aldersgrenser på kino.
1918: Stortinget vedtek åttetimarsdagen. Dei fleste får meir fritid.
1924: Arbeidarrørsla skipar Arbeidernes Idrettsforbund (AIF).
1920-talet: Folkelesnaden aukar sterkt når heimane får elektrisk lys.
1920-talet: Stadig fleire kjønnsdelte skoleklasser. Kjønnsskilja aukar.
1933: NRK blir oppretta som statsbedrift og får monopol på radiosendingar.
1936: Idrettsforliket mellom Landsforbundet og AIF.
1936: Ekstra ferieveke.
1939: 120 000 lastebilar, 3432 busstrekningar og stadig fleire syklar i Noreg.

Ideologiar møttest i ein volleyballkamp
Sommaren 1937 blei det spela ein volleyballkamp i Åmli. På den eine sida av nettet stod medlemmer av arbeidaridrettslaget i bygda. På den andre stod medlemmer av ungdomslaget i grannebygda. Kampen måtte raskt avblåsast, da det blei klart at laga var svært usamde om korleis spelet faktisk var – korleis ein skulle slå ballen, kva som var lov, og korleis poenga skulle teljast. Ungdom i mellomkrigstida hadde levd i ulike verder.

Unggutane frå grannebygda hadde lært spelet av to som tidlegare hadde vore med i Bondeungdomslaget i Oslo. Der hadde dei lært det av medlemmer som var komne heim frå USA, der dei hadde vore med i KFUM-rørsla. Reglane hadde dei omsett frå amerikansk, og dei kalla spelet skotball. Bondeungdomslaget dreiv med skotball fordi spelet fekk folk i godt humør og alle kunne spele. Det var helst unge menn som var med.

Arbeidaridretten i Noreg hadde derimot lært volleyball i Sovjetunionen under Spartakiaden, det kommunistiske alternativet til Dei olympiske leikane. Kommunistar i alle land satsa på volleyball fordi dette spelet, med heile laget samla på den eine sida av nettet og få soloprestasjonar, gjorde folk til gode «kameratar». Dei meinte at ballvekslinga trena folket, også kvinnene, i kommunistisk teori og klassekamp. Dei fleste arbeidaridrettslaga hadde lært spelet av representantar frå eit større arbeidaridrettslag på propagandatur til arbeidarbygder utover landet. Reglane var omsette frå russisk, og dei kalla spelet nettball. Dei meinte at spelet var berre for kvinner, fordi andre idrettar i praksis var berre for menn. Men i Åmli spela begge kjønn.

Volleyball var slik blitt til to heilt ulike spel, tilpassa to svært ulike kulturar. Slik var det ute i verda, og slik var det også i Noreg.

Den mislykka volleyballkampen viser oss fem markerte trekk ved mellomkrigstida: Kultur og idear blei spreidde over landegrensene. Folk fekk meir fritid og ville ha noko engasjerande å fylle denne tida med. Idretten blei eit massefenomen fordi folkehelse blei viktigare. Fysiske kjønnsskilnader blei understreka spesielt sterkt. Og det var stor avstand og ideologiske motsetnader mellom ulike livsverder. Arbeidarrørsla la vekt på å ha sine eigne foreiningar som alternativ til dei «borgarlege» foreiningane – idrettslag, songkor, orkester, teatergrupper, lesesirklar og fråhaldslag.