Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  16 (Kriser og klassekamp i Noreg)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Idretten blir ideologisk delt
   
  16. KRISER OG KLASSEKAMP I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Idretten blir ideologisk delt

Landsforbundet for norsk idrett
Den mest utbreidde av dei politisk delte og kjønnsdelte fritidsaktivitetane var idretten, som no blei ei masserørsle, med 300 000 organiserte medlemmer i 1940. Dei fleste av særforbunda var med i Landsforbundet for norsk idrett. Men Landsforbundet fekk sterk mistillit blant arbeidarungdom da fleire idrettslag tidleg i 1920-åra stilte som streikebrytarar under arbeidskonfliktar. Det skjedde delvis under den høgreaktivistiske Samfundshjelpen, som stod under leiing av offiserar og ivrige antisosialistar. I Oslo og Bergen var leiarar i Landsforbundet med på å byggje opp den væpna organisasjonen Samfundsvernet, med idrettsungdom som skulle brukast mot arbeidarklassa ved fare for revolusjon eller opptøyar.

Arbeidernes Idrettsforbund
Arbeidernes Idrettsforbund, AIF, blei oppretta som ein del av arbeidarrørsla i 1924. Det var ein protest og ei motmakt mot den arbeidarfiendtlege leiinga i Landsforbundet: «Arbeideridrettsmennene er arbeiderklassens armé – den røde armé – som skal vite å ta kampen opp mot borgerskapets armé,» sa Rolf Hofmo, ein kjend idrettsleiar og arbeidarpartipolitikar, i 1928. Frå 1930 dempa AIF slike utsegner og framheva dei sosiale verdiane og helseverdiane i arbeidaridretten.

Idrett og klassekamp
Todelinga av idretten spegla av klassekampen. Det var ideologisk konflikt mellom dei to idrettsforbunda, og medlemmene møttest ikkje i konkurransar. Men i 1936, etter kriseforliket, blei det også idrettsforlik. Forbunda spela no vennskapskampar og heldt ein del felles konkurransar. No blei det også bygd fleire offentlege idrettsanlegg, og det blei lagt til rette badestrender og anna utmark som alle kunne bruke, for det aukande friluftslivet.

Måtte kvinnene vernast mot fysiske påkjenningar?
Sidan 1900 hadde kroppsøving vore eit fag i skolen, men jentene blei sende til handarbeidstimar når gutane hadde kroppsøving. Kjønnsskilja auka da dei fleste byskolane i 1920-åra innførte kjønnsdelte klasser i alle fag. Ekspertar hevda no at kvinner var svært annleis enn menn, og at dei måtte vernast mot fysiske påkjenningar. Dei hevda at kvinnekroppen og kvinnesjela var annleis – i motsetnad til mannskroppen og mannssjela, som dei meinte var normal.

«Kvinneidretten må stilles opp som et eget begrep, fordi den kvinnelige organisme i hele sitt anlegg er forskjellig fra mannens, derfor stiller andre krav og også forlanger at det tas hensyn til kvinneorganismens eiendommeligheter,» erklærte AIF i 1937. Det blei vist til klare åtvaringar frå legar: Den viktigaste fysiske oppgåva for kvinna var å bli mor. Derfor måtte kvinner skånast for idrett som kravde kraft, styrke og uthald. Dei burde drive lette og spesielt tilrettelagde idrettar, som enkel «kvinnegymnastikk» i tropp til musikk. 200 meter var altfor langt å springe for ei kvinne.

Kvinnene protesterte, men det hjelpte ikkje. Mennene meinte at legane var ekspertar og visste best kva kvinnekroppen tolte. Etter kvart trudde mange kvinner på argumenta. I AIF fekk dei vere med i mange lettare og spesielt tilrettelagde «kvinneidrettar» som skulle vere helsefremjande for arbeidarkvinner.

I Landsforbundet var det enda strengare grenser for kva kvinner kunne vere med i. Kvinner måtte nøye seg med idrettar som fall «naturleg», og som «mannen helst ser henne dyrke». Dei fekk drive idrettar som var prega av leikande, dansande rørsler og kvinneleg ynde, utan trening, konkurranse eller samanbitne tenner. Slikt passa ikkje til det «sjeleleg særeigne» ved kvinner, meinte mange i Landsforbundet.