Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  16 (Kriser og klassekamp i Noreg)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Populærkulturen blir populær
   
  16. KRISER OG KLASSEKAMP I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Populærkulturen blir populær

Dei som var unge og vaksne i mellomkrigstida, var dei første generasjonane der heile familien hadde gått på skole i sju år og kunne lese rimeleg bra. Mange oppmuntra barna til å lese i fritida. Langt fleire unge enn før søkte vidare utdanning. Talet var femdobla frå 1875, og prosentdelen av jenter i utdanning var blitt mykje høgare, særleg blant dei som tok middelskolen, lærarskolen eller handelsskolen. I sjukepleiarskolar og husmorskolar var det berre kvinner. Den mest populære utdanningsvegen blant menn var underoffisersskolen.

Bøker av alle slag
Når folk no fekk meir fritid og elektrisk lys eller gode parafinlamper, kunne dei bruke kveldstida til å lese. Dei fleste store norske forfattarane fekk gitt ut samla verk utover i 1920-åra. Denne tida var også høgdepunktet for arbeidardiktarane, som i romanar, noveller, dikt og skodespel skildra livet i arbeidarklassa, erfaringane til småkårsfolk og urettferda i samfunnet. Eit eige Arbeidernes leksikon kom også, i fleire band. Utgivarane ønskte å bryte det borgarlege herredømmet over kunnskapen og over makta til å definere ord, omgrep og hendingar.

No oppstod det ein stor marknad for billeg populærlitteratur. Det var særleg eksotiske, sentimentale og uhyggelege forteljingar som var på moten. Blant populære titlar finn vi Blant ville folk i Afrika, Vampyren, De fædrelandsløses ø og Mordet i rutebilen.

Det blei også lese mykje barne- og ungdomslitteratur. Desse bøkene forma ideane hos ein heil generasjon om kva som var mannleg og kvinneleg. Kameratskap, offervilje og heltemot var viktig i gutebøkene, mens eit muntert sinn og eit «smukt og kvinnelig» ytre var viktig i ungjentebøkene. Eit typisk trekk var at handlinga ikkje gjekk føre seg i tradisjonelle familiar og kvardagsliv, men at vekta låg på dei vala personane sjølve gjorde. Hovudpersonane var gjerne borte frå familien – på ferie, på kostskole, på hybel, i den første jobben i byen, på ekspedisjon, eller dei hadde rømt heimanfrå.

Underhaldningsmagasin
Det norske samfunnet var biletfattig fram til omkring 1905, men i mellomkrigstida blei bileta ein del av kvardagen for mange. Da den nye kongefamilien kom til Noreg i 1905, og da kongeparet blei krona året etter, blei desse hendingane dei første biletmediehendingane i Noreg, med pressefotografar og filmkamera som stod oppstilte i rekkje for å få dei beste bileta. Frå da av steig salet av vekeblad, som nådde store høgder i mellomkrigstida. Kongestoffet selde stort. Det gjorde også bilete av andre kjende personar, luftfotografi av norske byar, seriar, forbrukarstoff og kryssord. Blada gav stoff til draumar, identifikasjonar og trøyst i ein grå kvardag. Di djupare krisene i samfunnet var, di muntrare blei tonen i vekeblada. Vekebladstoffet skulle vere lett, det skulle stadfeste tankar som folk flest hadde, og tilby underhaldning som heldt den verkelege verda på avstand.

Arbeidarrørsla etablerte sitt eige «underhaldningsmagasin for det arbeidande folk». Her var stoffet annleis. Arbeidermagasinet skulle ikkje halde det verkelege livet på avstand, men skildre det og kritisere ulikskapar og makthavarar. Bladet inneheldt arbeidardikt, framhaldsseriar av sosialistiske eller radikale forfattarar om politiske tema og spalter med seksualopplysning.

Filmen fengjer og forandrar
Dei første levande bileta blei viste i Noreg i 1890-åra og var ein stor sensasjon. Frå 1905 var det talrike små kinolokale i byane. Verkemidla i filmane kunne vere sterke: I kinoåret 1910 kunne publikum sjå 97 mord, 45 prostituerte, 22 bortføringar, 25 rusa personar og 51 ekteskapsbrot på lerretet. Dei fleste i kinosalen var barn, dernest ungdom frå arbeidarklassa. Kino var relativt billeg og kravde ikkje «danna» klede eller store forkunnskapar.

Lærarorganisasjonar, sedskapsforeiningar og avisskribentar reagerte på dei farar og freistingar kinoen utsette dei unge for, og kravde sensur av moralsk skadelege filmar, fjerning av sterke scenar og innføring av aldersgrenser. I 1913 blei Statens filmkontroll oppretta. Det blei også innført kommunal konsesjon på kinodrift. Dei fleste byar og større tettstader hadde fått kommunal kino rundt 1920, og kinobesøket nådde nye høgder.

Eksotiske filmar
Også dei første norske filmane frå 1920-åra fokuserte på det eksotiske. Det blei laga bonderomantiske filmar som «Synnøve Solbakken» og «Til Sæters» eller melodrama om litt «halvville» folk, som «Fante-Anne» og «Viddenes folk». Eit tidstypisk trekk var eigne arbeidarfilmar, laga av regissørar som ville skildre livet og levekåra i arbeidarklassa. Mange av desse filmane var baserte på skodespel og romanar av forfattaren Oskar Braaten, og handlinga var lagd til austkanten i Oslo. Kinoen nådde mange. Kvinner frå arbeidarstrøka på austkanten, altså dei med minst fritid og minst pengar, utgjorde det store fleirtalet blant kinopublikummet i Oslo.

Dei utanlandske filmane kom frå mange land, men mot slutten av 1920-åra fekk den pengesterke filmindustrien i Hollywood i USA ei dominerande rolle. Filmane prega motar, språk, førestellingar, verdiar, smak og veremåte – ja, til og med korleis unge par kyssa kvarandre.

Fleire varer og raskare trendar
I mellomkrigstida ser vi dei første trekka av det framtidige varesamfunnet. Eit nytt forbruksområde var fritida, og fleire skaffa seg eigne fritidsklede, sportsutstyr og turutstyr som ski, beksaumstøvlar, ryggsekker, anorakkar og nikkers med strikkestrømper til. Ekspertane dukka også opp, i reklametekster som fortalde at for eksempel «ni av ti tannlegar» tilrådde eit eller anna.

Stadig betre kommunikasjonar
Kommunikasjonane blei stadig betre. Talet på telefonapparat hadde auka frå 50 000 i 1914 til 270 000 i 1940. I 1920 var det 9000 bilar her i landet. I 1939 var det 120 000. Dei fleste var lastebilar, men transporterte også folk på lasteplanet. Vanleg kjørefart låg rundt 10–20 km/t. Rutebilstrekningane hadde auka frå to i 1908 til 3432 i 1940.

Syklane blei betre og billegare, og i 1930-åra gav dei mange ein heilt ny fridom til å komme seg rundt. Dei unge kunne vere meir med i fritidsaktivitetar og komme seg på lengre søndagsturar og ferieturar.

Idear, kunnskapar og trendar blei no spreidde mykje raskare og nådde mange fleire enn før. Fleire fekk grammofon, og frå grammofonplater lærte folk både å syngje, spele, danse og uttale ord på andre språk. Songar blei tidlegare berre overførte frå munn til øyre, men blei no massekommuniserte, utan kontroll frå skolen, kyrkja eller familien, og dei blei slagerar.

Med grammofonen kom også den moderne pardansen ut til folket – ein nyskapning importert frå USA, som forandra selskapslivet og ungdomskulturen. Med jazzen kom den nye frie og rytmiske musikken. I ungdomsorganisasjonen til Arbeidarpartiet var det mange som var skeptiske. I 1920-åra ønskte sentrale tillitsvalde eit forbod mot dans på alle partifestar, fordi dansen sløva klassekampen.

Radioen samlar merksemda
I 1920-åra begynte private selskap å kringkaste radioprogram over lokale sendarar. Men Stortinget meinte at staten burde sikre eit riksdekkjande radiotilbod til alle, og i 1933 blei derfor Norsk Rikskringkasting, NRK, oppretta som radiomonopol. Med NRK kom det sendenett over heile landet, og nytte og folkeopplysning blei viktige sider ved programtilbodet i radio.
Mot slutten av 1930-åra auka salet av radioapparat enormt, og over halvparten av husstandane hadde ein radio i 1940. For første gong kunne dei fleste i landet rette merksemda mot det same på same tid. Radioen sette ein felles dagsorden og batt folk saman.

Kulturutviklinga i mellomkrigstida hadde vore tosidig. Folk hadde levd i ulike verder, delte etter klasse, kjønn og politisk ståstad. Men det var også kulturtrekk som samla. Slike samlande kulturtrekk var moderne nasjonale idear, men også radioen, lesedugleiken og friluftslivet, forbruket og helterollene og kvinnebileta frå film og populærlitteratur. Desse kulturtrekka prega menneske og samfunn i den neste historiske fasen.