Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  17 (Den andre verdskrigen)   >  Portrett  >  Arthur Neville Chamberlain
   
  17. DEN ANDRE VERDSKRIGEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Arthur Neville Chamberlain – fredsæl statsminister

Chamberlain (1869–1940) blei fødd i Birmingham, England, og kom raskt med i politikken som representant for dei konservative. Han var borgarmeister i heimbyen Birmingham, helseminister og finansminister, før han i 1937 blei statsminister.

Forhandlingar om fred
Chamberlain har blitt mest kjend for sin appeasement-politikk. Gjennom forhandlingar og kompromiss skulle aggresjonen til Tyskland og Italia stoppast. Chamberlain godtok derfor Italias okkupasjon av Etiopia og Tysklands annektering av Sudetenland i Tsjekkoslovakia i Münchenforliket i 1938.

Måtte ofre Tjekkoslovakia
Chamberlain meinte at Storbritannia ikkje kunne gå til krig på grunn av eit lite land som Tsjekkoslovakia. Chamberlain meinte at forhandlingane hadde skapt ”fred i vår tid”, og hans strev blei teke godt imot i heimlandet.

Krigen blei eit faktum
Chamberlain var ikkje pasifist, han visste at krig kunne bli utfallet, derfor tok han til orde for at Storbritannia skulle ruste opp. Da Polen blei angripe i 1939, hadde ikkje han som leiar for Storbritannia lenger noko val. Krigen var eit faktum. Men dagane hans som statsminister gjekk mot slutten. Etter kritikk for passiv krigføring og det mislykka felttoget i Noreg, gjekk han av i mai 1940. Eit halvt år seinare døydde han.