Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  17 (Den andre verdskrigen)   >  Portrett  >  Dwight D. Eisenhower
   
  17. DEN ANDRE VERDSKRIGEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Dwight D. Eisenhower – kjend gjennom si rolle i krigen

Dwight David Eisenhower (1890–1969) blei fødd i Denison, Texas. Etter eksamen ved militærskolen West Point, blei han yrkesmilitær. Ved utbrotet av den andre verdskrigen tenestegjorde han på Filippinane, men det var i Europa han kom til å bli kjend.

Invasjonen av Normandie
I 1943, etter at han var blitt sjef for landstridskreftene i Europa, blei han utnemnd til general. Eisenhower leidde dei suksessrike allierte invasjonane i Nord-Afrika, Sicilia og Italia.

Den viktigaste avgjerda var utan tvil då han gav klarsignal til å setje i gang den viktige invasjonen av Normandie i 1944.

Presidenten som alle ville ha
Etter krigen leidde han NATOs militære styrkar i Europa. Eisenhower var ein svært populær mann, kjend for sine evner som planleggjar og diplomat. Både demokratane og republikanarane ville ha han som sin presidentkandidat. Eisenhower var republikanar, og han vann seinare valet i 1952. Han sat som president frå 1953 til 1961.

Greip inn i store spørsmål
Han fekk slutt på Korea-krigen og prøvde å normalisere tilhøvet til Sovjetunionen. Men han ville at USA skulle støtte alle krefter som prøvde å hindre at kommunistar overtok makta i Midtausten. Eisenhower avgjorde også at ein måtte setje makt bak planen om likskap for dei svarte i Little Rock-saka i 1954.