Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  17 (Den andre verdskrigen)   >  Portrett  >  Erwin Rommel
   
  17. DEN ANDRE VERDSKRIGEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Erwin Rommel – ”ørkenreven”

Erwin Johannes Eugen Rommel (1891–1944) blei fødd i Heidenheim, Tyskland. Han ville som ung bli ingeniør, men det var i militæret han gjorde karriere. Han tok del i kampane i både Romania, Italia og Frankrike under den første verdskrigen.

Suksessrik militær
Rommel blei skadd tre gonger, og mottok Jernkorset som eit teikn på djerv innsats. Etter krigen underviste han ved Militærakademiet i Dresden. Då den andre verdskrigen braut ut i 1939, hadde han ei leiarstilling ved hovudkvarteret til Hitler.

Rommel blei flytta til fronten, og i 1940 utmerkte han seg ved å leie ein suksessrik panserdivisjon under angrepet på Frankrike.

Ørkenreven
I 1941 blei han utnemnd til leiar for Det tyske Afrikakorpset. Rommel fekk tilnamnet ”ørkenreven”, og var ein respektert hærførar, også blant motstandarane sine. Tyskarane blei etter kvart pressa over på defensiven; styrkane til Rommel måtte gi tapt i Afrika, og han blei flytta tilbake til Europa, der han skulle leie motstanden mot ein eventuell alliert invasjon.

Valde døden
Rommel blei alvorleg såra, og mens han var under rekonvalesens, blei Hitler prøvd drepen. Det blei kjent at Rommel visste om attentatplanane, og han fekk valet mellom å bli stilt for retten eller ta sitt eige liv. Den populære generalfeltmarskalken valde det siste.