Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  17 (Den andre verdskrigen)   >  Arbeidsoppgåver  >  Kjeldeoppgåve
   
  17. DEN ANDRE VERDSKRIGEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Münchenforliket

I september 1938 vende Storbritannias statsminister Chamberlain tilbake frå München med ein avtale han meinte ville sikre «Peace in our time!»

A Kva gjekk Münchenavtalen ut på?
B Korleis prøvde avtalen å sikre freden?
C Kva meiner vi med appeasement-politikk?
D Kva blei avtalen kritisert for?
E Kva svake sider ser du ved avtalen i ettertid, når vi veit korleis det gjekk?
F Når og korleis braut Hitler Münchenavtalen?
G Kva blei konsekvensen av at Hitler braut Münchenavtalen?

Kjelde 1: Münchenforliket (utdrag)

Avtale inngått i München, 29. september 1938 mellom Tyskland, Storbritannia, Frankrike og Italia.

Tyskland, Storbritannia, Frankrike og Italia har registrert den inngåtte avtalen om overgiving av dei sudettyske områda til Tyskland, og har blitt samde om punkta under. Statane pliktar seg til å syte for at avtalen blir gjennomført.

1 Tilbaketrekkinga skal starte 1. oktober.

2 Storbritannia, Frankrike og Italia er samde om at evakueringa av det nemnde området skal vere ferdig 10. oktober utan at noko føretak skal vere øydelagt (…)

4 Tyske troppar kan starte okkupasjonen av området der det er mest tysk befolkning 1. oktober.

5 Den internasjonale kommisjonen med representantar frå Tyskland, Storbritannia, Frankrike, Italia og Tsjekkoslovakia skal avgjere kvar det skal haldast folkerøysting. (…)

6 Den internasjonale kommisjonen skal fastsetje dei endelege grensene.

7 Det skal vere valfritt om ein vil busetje seg i eller flytte ut av dei overførte
områda.

8 Alle sudettyskarar som ønskjer det, skal fristillast frå det militære og politiet av den tsjekkoslovakiske regjeringa innan fire veker. Sudettyske fangar som sonar fridomsstraff for politiske brotsverk, skal bli sette fri innan den same fristen.

München 29. september 1938
Adolf Hitler
Neville Chamberlain
Edouard Daladier
Benito Mussolini

Henta frå nettstaden The Avalon Prosjekt, 2003 (omsett av forfattarane).