Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  17 (Den andre verdskrigen)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Jødeutryddinga
   
  17. DEN ANDRE VERDSKRIGEN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Jødeutryddinga

Frå pogromane til masseutrydding
Antisemittisme eller jødehat var ikkje noko nytt i Europa. Vi vet at allereie i mellomalderen fekk jødar skulda for både pestsjukdommar og naturkatastrofar, og tallause er dei pogromane som har vore sette i verk mot den jødiske befolkninga i Europa. Pogrom er eit russisk ord som tyder øydelegging og herjing, og det blei brukt om angrep og drap på jødar i russiske og ukrainske byar og landsbyar. Men aldri har antisemittismen fått så fryktelege konsekvensar som i åra 1935–1945, da dei tyske nazistane sette seg som mål systematisk å utrydde den jødiske befolkninga i Tyskland og i dei okkuperte landa. Av ei jødisk befolkning på litt under 8 millionar i dei nazikontrollerte delane av Europa blei nesten 6 millionar utrydda.

Jødane blei tvinga inn i gettoar
Det ungarsk-jødiske ekteparet frå den jødiske gettoen i Budapest ber den sekstagga davidsstjerna, som er eit gammalt jødisk symbol. Nürnberglovene, som blei vedtekne i 1935, sette forbod mot ekteskap mellom tyskarar og jødar. Jødane var dermed stempla som mindreverdige menneske, og dette stempelet skulle vere synleg for alle. Jødane i Tyskland og i fleire okkuperte land blei tvinga til å bere ei gul davidsstjerne, slik at alle kunne sjå at dei var jødar og unngå å blande seg med

I mange europeiske byar var det frå gammal tid bydelar der fleirtalet av befolkninga var jødar. Dei blei kalla gettoar, etter namnet på den jødiske bydelen i Venezia. Etter kvart som Tyskland okkuperte land i Aust-Europa, der det var ei stor jødisk befolkning, tvinga dei jødane inn i gettoane i ein del større byar.

Warszawa-gettoen
Polen hadde ei jødisk befolkning på over 3 millionar, som no blei samla i gettoar – den største var i Warszawa. På eit lite byområde blei over 500 000 jødar stua saman. Dei fleste blei likviderte i åra 1942–1943. Frå denne og andre gettoar blei det sende toglaster med jødar til dei store utryddingsleirane i Polen. Våren 1943 gjekk dei 60 000 jødane som var att i Warszawa-gettoen, til eit fortvilt opprør. Opprøret varte ein månad, men blei til slutt slått ned av den tyske militærmakta, og nesten alle dei 60 000 blei drepne. På biletet ser vi jødar som blir førte bort.

Dødsleirane
Dachau konsentrasjonsleir låg i delstaten Bayern, ikkje langt frå storbyen München. Leiren blei oppretta så tidleg som i 1933 og var den første nazistiske konsentrasjonsleiren. Dachau var ein arbeidsleir, der det først og fremst var politiske motstandarar av regimet som blei plasserte. Staden blei frå første stund illgjeten for den brutale behandlinga av fangane. Etter kvart bygde nazistane eit system av konsentrasjonsleirar, og etter at den «endelege løysinga på jødespørsmålet» blei vedteken i 1942, blei det også bygd sju reine utryddingsleirar for jødar. Dei blei plasserte i Polen.

Dachau var i prinsippet ein arbeidsleir og ikkje ein utryddingsleir, men var likevel ein av dei mest illgjetne leirane. Ein av grunnane var at tyske legar brukte fangar til medisinske eksperiment. Dei påførte fangar livsfarlege sjukdommar for å forske på verknadene.

Den planlagde og svært systematisk utførte utryddinga av 6 millionar menneske er vanskeleg å fatte. Vanskeleg er det også å setje seg inn i det jødane i Europa opplevde, både i dødsleirane og mens dei kvar dag gjekk og venta på å bli arresterte og sende til ein leir. Den tysk-jødiske kunstnaren Felix Nussbaum har kanskje greidd å uttrykkje denne angsten i måleriet «Sjølvportrett med eit jødisk identitetskort» frå 1943.