Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  18 (Okkupasjonstid i Noreg)   >  Portrett  >  Henry Rinnan
   
  18. OKKUPASJONSTID I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Henry Rinnan – frykta mann

Henry Rinnan (1915–1947) blei fødd i Levanger i 1915. Han skulle bli ein av dei mest frykta personane i Noreg under krigen.

Rinnan-banden
Då dei tyske styrkane inntok Noreg, var Rinnan sjåfør for dei norske styrkane, men let seg verve som tysk agent alt i juni 1940. Han leidde gruppa Sonderabteilung Lola, ei gruppe som arbeidde for tyskarane. Gruppa hadde 60 medlemmer, og er betre kjend som Rinnan-banden.

Snikmelde og torturerte
Medlemmene infiltrerte motstandsgrupper og snikmelde motstandsfolka. Til saman snikmelde dei om lag eitt tusen menneske. I det såkalla ”Bandeklosteret” i Trondheim torturerte dei fleire hundre menneske og ein reknar med at over 80 menneske blei drepne.

Inkarnasjonen av vondskap
Rinnan sjølv var ein aktiv torturist. Då krigen nærma seg slutten, prøvde Rinnan å flykte til Sverige, men blei arrestert. Han rømde igjen frå fengselet, men også då blei han teken. Rettssaka mot Rinnan-banden gjekk føre seg i 1946, og i 1947 blei han avretta.

Henry Rinnan har i ettertid blitt framstilt som ein liten, puslete mann, eit mobbeoffer som utvikla seg til sjølve inkarnasjonen av vondskap.