Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  18 (Okkupasjonstid i Noreg)   >  Portrett  >  Birger Eriksen
   
  18. OKKUPASJONSTID I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Birger Eriksen – mannen som søkkte Blücher

Oberst Birger Eriksen (1875–1958) var kommandant på Oscarsborg festning i april 1940. Natt til 9. april fekk han melding om at krigsskip var på veg inn Oslofjorden.

Dramatisk natt
Bemanninga på Oscarsborg var liten denne natta, berre ein tredel av den opphavlege. Obersten venta i fleire timar, men ingen skip kom. Oberst Eriksen gav halve mannskapet lov til å gå å ete. Det var skodde denne natta, og sikta var dårleg. Obersten visste heller ikkje kva nasjonalitet skipa som var på veg, hadde.

Gav viktig ordre
Eriksen prøvde å varsle kongefamilien utan hell. Obersten gjorde klar til angrep, og så kom skipa. Obersten hadde 30 mann og tre kanonar. Klokka 04.21 gav Eriksen ordre om å skyte. Prakteksemplaret i den tyske marinen, kryssaren Blücher, blei treft av dei to skota som blei avfyrte frå Oscarsborg. Seinare gjekk skipet på torpedoar og sokk.

Redda kongefamilien
Oberst Eriksen tok avgjerda om å skyte mot Blücher åleine. Noreg var ikkje i krig på dette tidspunktet. Det var ei modig avgjerd som skulle vise seg å få avgjerande konsekvens for Norge, ikkje minst fordi det gav kongefamilien høve til å forlate Oslo.