Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  18 (Okkupasjonstid i Noreg)   >  Test deg sjølv  >  Repetisjonsspørsmål
   
  18. OKKUPASJONSTID I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Repetisjonsspørsmål


  1. Korleis var det offisielle biletet av nordmenn under krigen i dei første etterkrigsåra?
  2. Kva argument er brukte i læreboka for at dette biletet bør nyanserast?
  3. Når og korleis gjekk det tyske angrepet på Noreg føre seg, og kvifor klarte ikkje Noreg å stå imot dette angrepet?
  4. Korleis blei Noreg styrt under den andre verdskrigen?
  5. Korleis prøvde det norske folket å gjere motstand mot okkupasjonen?
  6. Korleis blei kvardagslivet til folk forandra under krigen?
  7. Kva skjedde med jødane i Noreg under krigen?
  8. Gjer greie for rettsoppgjeret etter krigen.
  9. Mange blei straffa utanom det formelle rettsoppgjeret. Kven var dei, og korleis harmonerer dette rettsoppgjeret med det offisielle biletet som ettertida har hatt av nordmenn under krigen?
  10. Kvifor har synet på den andre verdskrigen endra seg frå krigsåra og fram til i dag?