Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  18 (Okkupasjonstid i Noreg)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Stemninga i tida
   
  18. OKKUPASJONSTID I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Stemninga i tida - talar (kapittel 14, 15 og 18)


Kompetansemål

Elevane skal kunne

  • gjere greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknader dei fekk for Norden og det internasjonale samfunnet


Talar av Johan Nygaardsvold og Halvdan Koht

Sjå eit filmklipp frå 1. mai-feiringa 1933 der Johan Nygaardsvold talar på Youngstorget i Oslo (tale frå 02:10), og høyr ein radiotale frå august 1939 der Halvdan Koht snakkar om utsiktene til krig i Europa. Klippa gir eit godt innblikk i stemninga i tida, og elevane kan få i oppgåve å samanlikne hovudtrekka i dei to talane. Kven er dei to talarane? Kva er situasjonen talane blir haldne i, og kva er hovudbodskapen i kvar av dei?

Ein måte å arbeide med stoffet på er å organisere ein sirkelsamtale i klassa. Elevane førebur seg ved å lytte til talane, lese om temaet i læreboka og eventuelt i andre kjelder. Deretter deler klassa seg i to like store grupper. Elevane i den eine gruppa set seg i ein halvsirkel og diskuterer temaet i ca. 15 minutt. Så kan den andre gruppa begynne debatten sin. Målet er at alle elevane skal vere med. Sirkelsamtalen kan kombinerast med eigenvurdering i form av eit skjema.