Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  18 (Okkupasjonstid i Noreg)   >  Arbeidsoppgåver  >  Multimedieoppgåver  >  Historia bak kongens nei
   
  18. OKKUPASJONSTID I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Historia bak kongens nei i 1940

  1. I ein radiotale frå London 8. juli 1940 kunne folket i det okkuperte Noreg høre kongen seie nei til kravet frå Terboven om at han skulle abdisere. Det var kong Haakon 7. som talte i radioen frå London, og på Elverum. Men kven stod bak orda?
  2. Tekstane under er ordna kronologisk. Når du arbeider med å svare på spørsmålet over, bør du vere merksam på korleis framstillinga av kongen endrar seg. Kva trur du er årsaka til det?
  3. Talen til Haakon 7., «Mine plikter», er sentral når vi skal forstå den vidare utviklinga i krigen i Noreg. Korleis argumenterte Haakon 7. for at han ikkje kunne abdisere, og for at regjeringa i London framleis var lovleg og fungerande?
  4. I læreboka side 290 står det at kongens nei var eit problem, mens læreboktekstane på side 132 i Arbeidsportal skildrar ein heilt annan røyndom. Kvifor trur du det er så stor skilnad mellom desse tekstane?

Hjelp til å svare på oppgåva:

Les «Læreboktekster» i Arbeidsportal side 132 og 133.

Les avsnittet «Resignasjon og riksrådsforhandlingar» side 290 i læreboka.

Les artikkelen «Jeg sa nei til tyskerne» frå Dagbladet Magasinet.
http://www.dagbladet.no/magasinet/2007/05/04/499620.html

Les Haakon 7.: «Mine plikter» (Kongens nei), tale frå London 8. juli 1940.
http://www.virksommeord.uib.no/taler?id=130

Lydfil: Kongens tale 17. mai 1940 frå Tromsø.
http://www.kongehuset.no/c27062/tale/vis.html?tid=27732&strukt_tid=27062