Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  18 (Okkupasjonstid i Noreg)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Øydelegginga av Finnmark og Nord-Troms
   
  18. OKKUPASJONSTID I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Øydelegginga av Finnmark og Nord-Troms

«Taktikken om den brende jorda»
Når ein dreg seg tilbake frå eit område, øydelegg ein alt som kan komme den andre parten til gode – hus, bruer, transportmiddel og ikkje minst mat. Tyskarane hadde sjølve fått erfare denne taktikken da dei rykte innover i Sovjetunionen. Dei sovjetiske troppane øydela alt, eller tok med seg det dei greidde. Men da den tyske krigsmakta gjennomførte «taktikken om den brende jorda» i Finnmark og Nord-Troms, blei også befolkninga tvinga til å evakuere sørover.

Tyske soldatar i tilbaketrekning
I september 1944 slutta den finske regjeringa våpenstillstand med Sovjetunionen, og dei tyske troppane i Nord-Finland måtte trekkjast tilbake gjennom Nord-Noreg. Men den tyske overkommandoen i Noreg avgjorde 4. oktober at dei tyske militære også skulle trekkje seg tilbake frå Finnmark og Nord-Troms. Den raude armeen rykte over grensa og inn i Sør-Varanger omkring 20. oktober, men det var ingenting som tyda på at sovjetstyrkar ville rykkje lenger inn i Noreg. For Sovjetunionen var fronten lenger sør mykje viktigare.

«Medkjensle med befolkninga er ikkje på sin plass»
Likevel blei det gitt ordre på tysk side om å brenne og øydeleggje alt som kunne øydeleggjast under tilbaketrekkinga. 28. oktober gav sjølvaste Hitler ordre i ein «Führerbefehl» om at heile befolkninga skulle evakuerast. «Medkjensle med befolkninga er ikkje på sin plass,» stod det i ordren. Men mange tyske offiserar og soldatar som måtte lystre ordre, hjelpte likevel på ulike måtar dei som måtte evakuere, og det blei ikkje alltid gjort all verda for å stoppe folk som stakk av frå evakueringa og gøymde seg.

Ein øydelagd landsdel
50 000 personar var omfatta av evakueringsordren, men 23 000 greidde å gøyme seg unna, mange av dei i fjellholer og skrøpelege buer som ikkje var eigna som vinterbustad. Det blei ein kald vinter for dei. Også for dei som blei evakuerte sørover, kom ei vanskeleg tid. Kaos og rot førte til at mange ikkje visste kvar dei nærmaste slektningane var, og vinteren 1944–45 blei det trykt mange slike annonsar som desse, som er frå Lofotposten.

Kor mange hus som blei brende, er det knapt nokon som har tal på. Det var ein øydelagd landsdel dei evakuerte kom tilbake til. Men menneska var ikkje kua. Dei vende tilbake og feira 17. mai med barnetog og flagg midt i ein nedbrunnen by.