Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  18 (Okkupasjonstid i Noreg)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Gestapo og hjelparane
   
  18. OKKUPASJONSTID I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Gestapo og hjelparane

Tysk overvakingsteneste
Richard Heydrich (1904–1942) var ein av dei nærmaste medarbeidarane til Hitler. I 1941 var han sjefen for det tyske Sicherheitspolizei, som Gestapo var ein del av. Heinrich Fehlis var sjefen for Gestapo i Oslo. I 1941 var Heydrich på besøk i Oslo. I 1942 blei han drepen av tsjekkiske motstandsfolk. Han var da den øvste tyske leiaren i det okkuperte Tsjekkoslovakia.

Gestapos oppgåve var å ta seg av den indre tryggleiken i Tyskland og i dei okkuperte landa. Organisasjonen skulle oppspore og utrydde all motstand mot regimet i Tyskland og mot okkupasjonsmakta og samarbeidspartnarane i dei landa dei hadde hærsett. Gestapo fengsla, forhørte og torturerte fangar, og domfelte og iverksette dødsdommar. Fehlis var ein frykta sjef for Gestapo. Han tok del i torturen av fangane.

Rinnan-banden
Gestapo skaffa seg norske hjelparar og lønte folk som gav dei informasjon om norsk motstand. Dei norske medhjelparane greidde i løynd å infiltrere og avsløre fleire motstandsgrupper. Ei av dei mest effektive av desse infiltratørgruppene var den såkalla Rinnanbanden. Under dekknamnet Sonderabteilung Lola heldt denne gruppa til i Trondheim og opererte i heile Midt-Noreg. Leiaren var Henry Oliver Rinnan (1915–1947), som blei dømd til døden for si snikmeldingsverksemd. Metoden som gruppa brukte, var å utgi seg for motstandsfolk og på den måten avsløre motstandsgrupper. Men Rinnans folk nøgde seg ikkje med å avdekkje, dei tok også aktivt del i torturen av arresterte motstandsfolk.

Fangeleirane
Det var fleire fangeleirar for nordmenn i Noreg, men knapt nokon som kan kallast konsentrasjonsleirar. Forholda i leirane var betre enn i konsentrasjonsleirane på kontinentet. Den største fangeleiren var Polizeihäftlingslager Grini i Bærum utanfor Oslo. På sitt høgaste var fangetalet i leiren 5400, og 20 000 nordmenn var innom Grini som fangar i løpet av krigsåra.