Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  19 (Imperia raknar)   >  Portrett  >  Jawaharlal Nehru
   
  19. IMPERIA RAKNAR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Jawaharlal Nehru – kampen for India

Nehru (1889–1964) blei fødd inn i ein velståande familie, og som mange indiske overklassegutter, fekk han mesteparten av utdanninga si i England. Her blei han også påverka av nasjonalistiske idear, noko som var avgjerande for hans kamp for Indias sjølvstende.

10 år i fengsel
Nehru blei tidleg medlem av Kongresspartiet. Her blei han kjent med Gandhi som tok han under vengene sine. Nehru var aktiv i den sivile ulydnadsrørsla, noko som førte til at han i perioden 1920–47 sat til saman 10 år i fengsel.

Klår politisk retning
Då India endeleg fekk sjølvstende i 1947, blei Nehru utnemnt til landets første statsminister. Visjonane til Nehru for utforminga av India var svært viktige for den vidare utviklinga i landet. Viktige mål var:
  • Demokratisk styre
  • Religion skulle vere utanfor statsstyret
  • Tilnærma sosialistisk økonomipolitikk
  • India skulle vere ein alliansefri stat (det vil seie å ikkje alliere seg verken med USA eller Sovjet)
Ei gate i kvar by
I dag har delar av dette systemet slått sprekkar, blant anna har kreftene som ønskjer at India skal vere ein hinduistisk stat, blitt stadig sterkare. Nehru var uansett svært populær, hans død i 1964 utløyste landesorg, og det finst knapt ein by i India som ikkje har ei gate oppkalla etter landsfaderen.