Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  19 (Imperia raknar)   >  Portrett  >  Julius Nyerere
   
  19. IMPERIA RAKNAR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Julius Nyerere – Tanzanias første president

Julius Nyerere (1922–1999) voks opp ved Victoriasjøen i det som då heitte Tanganyika. Først da han var 12 år, fekk han gå på skole, ein skole som visstnok var omtrent fire mil frå landsbyen der han budde.

Første frå sitt land
Studia gav meirsmak, og nokre år etter var Nyerere den første frå sitt land som studerte ved eit britisk universitet. I Edinburgh blei han fortruleg med sosialistiske idear, og da han kom heim, blei han raskt involvert i det politiske livet.

President og lærar
I 1962 blei han valt til Tanzanias første president. Det har blitt sagt om Nyerere at han var både katolikk, humanist og sosialist. Men han var også lærar. Fleire har rekna han for å vere heile landets lærar. Han la særleg vekt på utdannings- og helsesystemet, og fokuserte på menneskeleg utvikling og sjølvhjelp.

Populær i Sør-Afrika
Nyerere var pan-afrikanist, og støtta fleire av dei andre frigjeringsrørslene i Afrika, blant anna ANC i Sør-Afrika. Hans engasjement for dei andre landa i regionen har i ettertid gjort han populær i det sørlege Afrika. Ein av dei siste oppgåvene han påtok seg, var å mekle i konflikten i Burundi på midten av 1990-tallet.

Nyerere har i ettertid blitt kritisert for ikkje å la sine politiske motstandarar komme til orde i løpet av dei meir enn 20 åra han var president.