Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  19 (Imperia raknar)   >  Arbeidsoppgåver  >  Kjeldeoppgåve
   
  19. IMPERIA RAKNAR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

FN og koloniane

A Kva fekk Atlanterhavsfråsegna og FN-pakta å seie for sjølvstendekampen til koloniane?
B Kva er eit tilsynsområde og kva var formålet med dette?
C Kvifor trur du koloniane blei slike tilsynsområde?
D Kva seier FN-pakta om retten koloniane har til sjølvstende?
E Kva argument bruker FNs generalforsamling i 1960 for å gi koloniane sjølvstende?
F Kvifor trur du punkt 3 i kjelde 3 er utforma som det er?

Kjelde 1: Pakta til Dei Sameinte Nasjonane (utdrag)
26. juni 1945

Artikkel 75
De Forente Nasjoner skal under sin myndighet opprette et internasjonalt tilsynssystem for å administrere og føre tilsyn med slike områder som ved senere individuelle avtaler måtte bli stillet under et slikt tilsyn. Disse områder vil heretter bli kalt tilsynsområder.

Artikkel 76
Hovedformålet med tilsynssystemet er i samsvar med Forente Nasjoners formål som er fastsatt i Paktens artikkel 1, følgende:

a) å fremme internasjonal fred og sikkerhet;
b) å arbeide for fremgang på det politiske, økonomiske, sosiale og undervisningsmessige felt for tilsynsområdets befolkning og deres skrittvise utvikling mot selvstyre eller uavhengighet under hensyntagen til hvert områdes og dets folks særlige forhold og folkenes fritt uttrykte ønske og forøvrig i samsvar med vilkårene i hver enkelt tilsynsavtale;
c) å fremme respekten for menneskerettigheter og grunnleggende friheter for alle uten hensyn til rase, kjønn, språk eller religion, og å fremme erkjennelsen av alle verdens folks innbyrdes avhengighet.

Frå FN-sambandets nettsider, 2003.


Kjelde 2: FNs garanti for sjølvstende for kolonilanda
Generalforsamlingas resolusjon 1514, 14.12.1960 (utdrag)
(FN) kunngjer at:

1 undertrykking av folk som følgje av dominering og utnytting frå ei framand makt, inneber ei nekting av fundamentale menneskerettar, og er dermed ikkje i samsvar med SNs charter. Slik undertrykking er også ein trussel mot verdsfreden og internasjonalt samarbeid.

2 alle menneske har rett til sjølvbestemming. For å oppnå denne retten må dei sjølve definere sin politiske status og fritt utforme si økonomiske, sosiale og kulturelle utvikling.

3 mangel på politiske, økonomiske, sosiale eller kulturelle føresetnader er inga orsaking for å sinke sjølvstende.

Frå FNs nettsider, 2003 (omsett av forfattarane).