Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  19 (Imperia raknar)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Kongo i går og i dag
   
  19. IMPERIA RAKNAR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Kongo i går og i dag (kapittel 7, 19, 20 og 26)


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • finne eksempel på hendingar som har forma historia til eit ikkje-europeisk land etter 1900, og reflektere over korleis landet kunne ha utvikla seg om desse hendingane ikkje hadde skjedd
  • presentere sentrale trekk ved kolonialismen og situasjonen i eit ikkje-europeisk område, sett frå ulike perspektiv

Oppgåve
Ta utgangspunkt i situasjonen i Kongo i dag. Befolkninga har gjennomlevd store lidingar trass i at landet har store naturressursar. Elevane kan gå tilbake til tida under kong Leopold, gå raskt gjennom korleis belgiarane styrte landet, og sjå på situasjonen i Kongo da landet blei uavhengig i 1960. Be elevane sjå spesielt etter korleis den kalde krigen har påverka det politiske spelet i og rundt Kongo. Kan elevane finne ut kva som er dei grunnleggjande, medverkande og utløysande årsakene til situasjonen i Kongo i dag? Det kan gjerast som gruppearbeid med diskusjon i plenum til slutt.