Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  20 (Ei todelt verd)   >  Portrett  >  Dag Hammarskjöld
   
  20. EI TODELT VERD
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Dag Hammarskjöld – overtok ”den mest umoglege jobben i verda”

Dag Hjalmar Agne Carl Hammarskjöld (1905–1961) kom frå ein familie som hadde tradisjonar for å inneha viktige posisjonar i det svenske statssystemet, mellom anna var faren statsminister frå 1914 til 1917.

Generalsekretær i FN
Dag studerte juss og økonomi, og fekk etter kvart, som sine forfedrar, jobb i den svenske staten. I 1951 blei han utanriksminister, men det var gjennom arbeid utanfor Sveriges grenser han verkeleg blei kjend. I 1953 etterfølgde han nemleg Trygve Lie som generalsekretær i FN.

Tok utfordringa
Nordmannen meinte at han overtok ”den mest umoglege jobben i verda”, og i løpet av si tid som generalsekretær måtte han arbeide med uro i mellom anna Libanon, Laos, samt Suez-krisen. Hammarskjöld la vekt på FNs nøytrale linje, innverknad frå dei små statane, og han blei gitt mykje av æra for opprettinga av dei fredstryggjande styrkane.

Mellom litteratur og fred
Mindre kjent var han nok for sine litterære kvalitetar. Like fullt var han ein omtykt omsetjar av poesi, han var medlem av Svenska Akademien (som deler ut Nobels litteraturpris), og etter hans død blei dagboksnotata hans utgitte.

Hammarskjöld omkom i ein flystyrt i 1961 i dagens Zambia då han var ute på FN-oppdrag. To år seinare blei det avgjort at han skulle tildelast Nobels Fredspris for 1960.