Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  20 (Ei todelt verd)   >  Portrett  >  Aleksandr Solsjenitsyn
   
  20. EI TODELT VERD
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Aleksandr Solsjenitsyn – kritisk røyst som gjorde han populær

Aleksandr Isajevitsj Solsjenitsyn (1918–2008) blei fødd året etter den store russiske revolusjonen. Han studerte matematikk og fysikk ved Universitetet i Rostov, før han i 1941 blei innkalla til krigsteneste.

Straffarbeid i åtte år
Solsjenitsyn blei i løpet av krigen utnemnd til kaptein i artilleriet, men i 1945 blei han arrestert på grunn av kritikk han hadde komme med mot Stalin. Han blei sett til straffarbeid i ein konsentrasjonsleir i åtte år. Da Nikita Khrustsjov kom til makta i 1956, fekk han endeleg sjansen til å vende tilbake til samfunnet.

Kritisk røyst som gjorde han populær
I 1962 blei Solsjenitsyn verdskjend etter utgivinga av En dag i Ivan Denisovitsj’ liv. Boka tok eit oppgjer med Stalins konsentrasjonsleirar, eit tema som også den seinare GULag-arkipelet tok opp. Solsjenitsyns kritikk av det sovjetiske samfunnet gjorde han populær i Vesten, trass i at Solsjenitsyn var kritisk til delar av det vestlege samfunnet.

Ut av landet
I 1970 fekk han Nobels litteraturpris. Fire år seinare hadde dei sovjetiske styresmaktene fått nok av den opposisjonelle haldninga hans. Han blei tvangssend ut av landet, og slo seg ned i USA, der han budde fram til Sovjetunionen blei oppløyst. Solsjenitsyn vende då tilbake til Russland, der han sidan levde eit isolert liv til han døydde i 2008.