Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  20 (Ei todelt verd)   >  Portrett  >  Willy Brandt
   
  20. EI TODELT VERD
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Willy Brandt – arbeid lønt med Nobels fredspris

Herbert Ernst Frahm (1913–1992) voks opp i den nordtyske byen Lübeck. Då Hitler kom til makta i 1933, tok han namnet Willy Brandt. Han var sosialdemokrat, i opposisjon til Hitlers politikk og følgjeleg i søkjelyset til Gestapo.

Heim i Noreg, heim i Vest-Tyskland
Willy flykta til Noreg, der han var aktiv i arbeidarrørsla, men då landsmenna hans okkuperte Noreg, måtte han flykte vidare til Sverige, der han etter kvart leidde Svensk-norsk pressebyrå. I 1941 fekk han norsk statsborgarskap, noko han hadde i sju år, heilt til han flytta til sitt ”nye” heimland, Vest-Tyskland.

Aust og vest
Brandt var borgarmeister i Vest-Berlin, da Aust-Tyskland vedtok å reise muren i 1961. Han nytta då mykje tid på å få i stand besøksordningar for dei familiane som blei skilde av byggverket. I 1969 blei han forbundskanslar i Vest-Tyskland. Han arbeidde for ei avspenning i forholdet til Sovjetunionen og andre land i Aust-Europa, eit arbeid som blei lønt med Nobels fredspris i 1971.

Mot eit samla Tyskland
Brandt var også ein forkjempar når det gjaldt å betre relasjonane mellom dei nordlege og sørlege landa i verda. Han skreiv også ei rekkje bøker, mellom anna om Noreg under krigen. To år før han døydde gjekk draumen hans endeleg i oppfylling: Då fall muren, og Tyskland blei endeleg sameint igjen.