Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  20 (Ei todelt verd)   >  Portrett  >  Mikhail Gorbatsjov
   
  20. EI TODELT VERD
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Mikhail Gorbatsjov – Sovjetunionens siste leiar

Slutten på den kalde krigen
Gorbatsjov (1931–) var Sovjetunionens siste leiar. Året etter at han tok i mot Nobels fredspris, måtte han gå av. Avgangen hans markerte oppløysinga av Sovjetunionen og slutten på den kalde krigen.

Perioden hans som leiar av SSSR (1985–1991) blei prega av fleire viktige endringar:

  • Leiarane i statsapparatet blei skifta ut
  • Meir marknadsorientert økonomi
  • Auka ytringsfridom (på russisk: glasnost)
  • Politisk demokratisering
  • Sovjetiske styrker trekte seg ut av Afghanistan
  • Trykket på Aust-Europa var mindre

Sjarmerte Thatcher
Fleire viktige avtalar om nedrusting blei gjort og Gorbatsjov skal visstnok ha sjarmert vestlige leiarar med humor og sitt gode humør. Den konservative Margaret Thatcher skal visstnok ha sagt: ”I like Mr. Gorbatsjov. We can do business together.”

Gorbatsjov ville ikkje at Sovjetunionen eller kommunistregimet skulle løysast opp, men den økonomiske krisa og fleire etniske konfliktar var med på gjere nettopp dette.

Bondeson og generalsekretær
Gorbatsjov blei fødd inn i ein liten bondefamilie i Privolnoye i Russland. Som tenåring var han fabrikkarbeidar, før han flytta til Moskva for å studere juss.

Mikhail blei medlem av Kommunistpartiet i 1952, og blei utdanna til å bli ein framtidig leiar. Gorbatsjov steig i gradane, og da Tsjernenko døydde i 1985, blei han utnemnd til å ta over som generalsekretær i Kommunistpartiet.