Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  20 (Ei todelt verd)   >  Portrett  >  Joseph McCarthy
   
  20. EI TODELT VERD
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Joseph McCarthy – aggressiv politikk mot kommunisme

Joseph Raymond McCarthy (1909–1957) var fødd i Wisconsin, USA og var republikansk politikar. Gjennom si tid som senator for Wisconsin i perioden 1947–1957 blei han kjend for sine aggressive kampanjar mot kommunistar og deira sympatisørar.
Jakta kommunistar overalt
Særleg var pressefolk, politikarar, folk i film- og underhaldningsbransjen og i militæret utsette. Somme mista jobben og andre valde å flykte landet, mellom anna Charlie Chaplin. Den kjende norske antikommunisten, Haakon Lie, var tilhengar av McCarthy.

Spionar for Sovjet
Bakgrunnen for denne heksejakta var avsløringar om at amerikanarar med kommunistsympatiar hadde vore sovjetiske spionar i USA. Somme blei dømde, andre slapp unna, og det var eit faktum at det var nokre få personar i høge stillingar som var spionar for Sovjet. Men McCarthy førte ei nådelaus jakt også på folk i lågare stillingar, folk som hadde liten eller ingen kontakt med kommunismen.

Gjekk altfor langt
McCarthy var allereie berømt då han i ein tale i 1950 påstod å ha ei liste over kommunistar i Utanriksdepartementet. Han hadde ikkje noko bevis for dette, og då avsløringa om metodane hans blei kjende gjennom ei fjernsyns-overført senathøyring i 1954, vedtok senatet med stort fleirtal å fordømme McCarthy.