Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  20 (Ei todelt verd)   >  Portrett  >  Muhammad Ali
   
  20. EI TODELT VERD
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Muhammad Ali – myteomspunnen person

I byen Louisville i USA blei det i 1942 fødd ein gut som fekk namnet Cassius Clay (1942– ). Han skulle bli ein av USAs mest elska, hata og myteomspunne personar.

Kjempa også utanfor arenaen
Han blei olympisk meister i boksing i Roma i 1960, og så begynte ein fantastisk proff-karriere. I 1964 blei han den yngste verdsmeisteren i boksing. Etter kampen fortalde han verda at han hadde konvertert til islam og frå no heitte Muhammad Ali.

Han sa sjølv at Cassius Clay var slavenamnet hans, og Muhammad Ali blei no ein viktig person i borgarrettskampen i USA.

Dømd, men slo tilbake
Han nekta militærteneste fordi han ikkje ville ta del i Vietnam-krigen. Som straff for det blei han dømd til fem års fengsel og fråteken tungvektstittelen og retten til å bokse i USA. Dommen blei oppheva i 1971, og Muhammad Ali vann tungvektstittelen tilbake to gonger i dei berømte kampane mot George Foreman i 1974 og Leon Spinks i 1978.