Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  20 (Ei todelt verd)   >  Portrett  >  James Dean
   
  20. EI TODELT VERD
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

James Dean – ein av dei kortaste, men mest spektakulære, karrierer i filmhistoria

James Byron Dean (1931–1955) blei fødd i Marion, Indiana i 1931. Han voks opp hos ein onkel og ei tante i Fairmount, og etter High School drog han til California for å studere musikk og kunst.

Blei oppdaga
Han dansa og spelte teater og flytta til New York for å satse på ein skodespelarkarriere. Etter kvart fekk han ei rolle på Broadway og blei oppdaga av filmselskapet Warner Brothers.

Intensivt år
1955 skulle bli eit hendingsrikt år for James. I løpet av dette året spelte han inn sine einaste tre filmar. Først Øst for eden, deretter Rotløs ungdom og til sist Giganten. For pengane han tente, kjøpte han seg ein Porsche og stilte opp i fleire bilrace. På veg til eitt av dei kolliderte han med ein annan bil og omkom momentant.

”Lev som om du skal døy i dag”
James Dean hadde ein av dei kortaste, men mest spektakulære, karrierer i filmhistoria. Tolkingane hans av ung frustrert mann appellerte til ungdom i gryande opprør. Han blei raskt eit ikon for ungdom over heile verda. Liv og lære var to sider av same sak for James. Som han sa: ”Drøym som om du lever for alltid, lev som om du skal døy i dag.”