Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  20 (Ei todelt verd)   >  Portrett  >  Fidel Castro
   
  20. EI TODELT VERD
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Fidel Castro – invaderte Cuba med luksusyacht

Fidel Castro Ruz (1927–2016) blei fødd på Cuba i 1927. Faren var ein spansk innvandrar som arbeidde seg opp til å bli godseigar. Som 19-åring begynte Fidel å studere juss og engasjerte seg samtidig i politikk.

Mislykka angrep
I 1953 gjekk han og 126 handplukka menn til angrep på ei av dei sterkaste festningane til den USA-støtta diktatoren Batistas. Militært var angrepet ein fiasko. Etter 1 1/2 år i fengsel drog Castro til Mexico i eksil. Saman med blant andre broren Raúl og den argentinske legen Ernesto ”Che” Guevara, førebudde han ein invasjon av Cuba.

Invaderte Cuba med luksusyacht
2. desember 1956 gjekk han i land frå luksusyachten Granma, i spissen for 81 revolusjonære. To år seinare heldt han sigerstoget sitt i Havanna etter at Batista var jaga på flukt.

Sosialistisk diktator
Til å begynne med la Castro opp til eit breitt samarbeid med moderate krefter, men tilhøvet til USA blei stadig meir spent. I 1961 proklamerte han at revolusjonen på Cuba var sosialistisk, men først i 1975 blei det utforma ei forfatning. Forfatninga seier at Cuba skal vere ein sosialistisk eittpartistat, og at den øvste leiaren skal ha tittelen president.

Frå då av var diktatoren Fidel Castro president i statsrådet.