Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  20 (Ei todelt verd)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Berlinmuren
   
  20. EI TODELT VERD
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Berlinmuren


Kompetansemål

Elevane skal kunne

  • bruke digitale verktøy til å planleggje, gjennomføre og presentere ei problemorientert undersøking ut frå eigne spørsmål til eit historisk materiale
  • vurdere kva ulike ideologiar har hatt å seie for menneske, politiske rørsler og statsutvikling på 1900-talet
  • undersøkje to eller fleire internasjonale konfliktar etter 1945, og vurdere konfliktane, sett frå ulike perspektiv



Forslag til undervisningsopplegg:

I arbeidet med Berlinmuren finst det ei rekkje moglege innfallsvinkler. Det gjeld både med omsyn til kva år eller tidsperiode ein kan fokusere på (som for eksempel 1961, 1989, eller dagens Berlin/Tyskland), kva form undervisningsopplegget kan ha (individuelt arbeid eller gruppearbeid), og korleis elevane skal presentere det ferdige produktet.

Under har vi skissert to ulike forslag med ulike innfallsvinkler til korleis elevane kan arbeide med Berlinmuren som emne i historieundervisninga.

Kanskje det kan vere ein idé at elevane begynner med å svare på spørsmåla i nettoppgåva ”Berlinmuren” eller multimedieoppgåva "Berlinmurens fall"?


A) Lage ei framstilling av historia til Berlinmuren

På nettstadene under finst det masse stoff om Berlinmuren. Ved hjelp av desse ressursane, eller andre ressursar som elevane finn sjølve, kan dei lage si eiga framstilling av historia til Berlinmuren.

Produktet kan for eksempel vere ei veggavis, ei lysbileteframvising, eller ei dagbok med tekst og bilete frå livet bak muren. Eller kanskje det er nokre kreative elevar i klassen som har lyst til å bruke bileta med dei mange grafittiane som muren var dekt med, som inspirasjonskjelde til ei meir kunstnarisk framstilling av historia til Berlinmuren?

Nettstader:

http://www.snl.no/Berlinmuren
Artikkel frå Store Norske Leksikon om Berlinmuren.

http://www.dagbladet.no/kultur/1999/11/09/182732.html
Artikkel frå Dagbladet om Berlinmuren.

http://www.nrk.no/nyheter/verden/1.6851944
Faktasider fra NRK om Berlinmuren.

http://www.nrk.no/nyheter/verden/1.6851805
”Berlinmuren i tyskernes hoder”. Artikkel frå Aftenposten med to filmklipp frå 1989 og 20 år seinare.


B) Lage eit radioinnslag om Berlinmuren 20 år etter

Etter at elevane har lytta til lydklippet "Da Berlinmuren ble reist" frå NRK og sett seg inn i historia rundt Berlinmuren og den kalde krigen, kan dei lage eit nytt radioinnslag. Innslaget skal vere ein parallell til det lydklippet dei har hørt med Per Øyvind Heradstveit, men frå 1989 og frå i dag.

Ein elev skal vere utanrikskorrespondent i Berlin og rapportere frå dei hendingsrike dagane i november 1989. Deretter skal korrespondenten intervjuast 20 år seinare om hendingane slik dei ser ut i tilbakeblikk.

Elevane bør arbeide i grupper på 3–4 for å vere saman om å drive research og arbeide med det tekniske. Dei kan lage innslaget digitalt eller med bandopptakarar av gammal type.