Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  20 (Ei todelt verd)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Popkultur og ungdomsopprør
   
  20. EI TODELT VERD
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Popkultur og ungdomsopprør

Kritikken av «The American Way of Life»
I 1960-åra begynte å komme meir fram i media, ikkje berre som ein kritikk av økonomi og politikk, men av den amerikanske sivilisasjonen. Marilyn Monroe hadde blitt oppfatta nærmast som eit ikon, eit kraftig symbol for verdiar som den amerikanske underhaldningsindustrien tente pengar på, men ho døydde ein tragisk død 36 år gammal. Biletkunstnaren Andy Warhol utnytta symbolposisjonen hennar i bilete. Den som ser på bileta, veit ikkje om det er ei hylling av filmidolet og av den populærindustrien som skapte henne, eller det motsette. Kanskje er det begge delar.

Popkunst
Warhol skapte saman med andre ei retning innanfor amerikansk kunst som blir kalla popart eller popkunst. Kunstnarane tok kjende fenomen frå amerikansk daglegliv eller frå underhaldningslivet, for eksempel ei rute frå ein kjend teikneserie, som dei forstørra eller mangfaldiggjorde og stilte ut som kunst. Dei fokuserte på det typisk amerikanske.

Eit bilete frå 1962 av Andy Warhol heiter «200 suppeboksar» og er ei naturtru framstilling av tomatsuppeboksane til det kjende amerikanske firmaet Campbell. Vi ser her at det kan vere eit samband mellom popkunst og politikk. Plakaten er laga av ein cubansk plakatkunstnar i 2001, men ideen kunne ha komme så tidleg som i 1960-åra, i den delen av det amerikanske ungdomsmiljøet som da blei sterkt politisert.

«Sex and drugs and rock ‘n roll» – og politikk
«Sex and drugs and rock ‘n roll» er blitt eit omgrep knytt til rockemusikken. Uttrykket stammar frå tittelen på ein låt av den engelske rockegruppa Ian Dury & The Blockheads. Den andre rockebølgja som kom i 1960-åra, med grupper som The Beatles og The Rolling Stones, kom samstundes med at hippiekulturen voks fram i USA og spreidde seg til Europa. Hippiekulturen avviste dei tradisjonelle amerikanske verdiane og protesterte mot krigen i Vietnam. «Make love, not war» var det viktigaste slagordet.

Men i jakta på alternative livsformer og opplevingar blei det brukt forbodne stoff som hasj og LSD. Det utvida medvitet, sa mange. Denne stoffkulturen var nær knytt til rockemusikken. Fleire av dei største amerikanske rockemusikarane døydde av narkotikabruk. Vi kan nemne Janis Joplin, Jimi Hendrix og Jim Morrison. Men opprøret blant ungdom i USA og Vest-Europa gjekk meir og meir over til også å bli eit politisk opprør, der protest mot krigen i Vietnam og solidaritet med den fattige verda var viktig.

Kven vann – populærindustrien eller ungdomsopprøret?
I dag er dei fremste symbola på amerikansk kultur, Coca Cola og McDonald‘s-hamburgarar, til sals over heile verda. Men det blir også protestert mot slike verdsomspennande firma. Mange meiner dei ureinar og driv rovdrift på ressursar.