Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  20 (Ei todelt verd)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  USAs kulturelle dominans
   
  20. EI TODELT VERD
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

USAs kulturelle dominans

«The American Way of Life»
Den andre verdskrigen gjekk hardt utover Europa, og etter krigen var det ikkje lenger europeiske land som dominerte verda. To supermakter stod fram, USA og Sovjetunionen. Dei kjempa om dominansen, men USA var den sterkaste, ikkje berre økonomisk, men også kulturelt. I 1950-åra blei USA ideallandet for svært mange menneske i den vestlege verda. Der hadde folk det godt, dei hadde kjøleskap, fjernsyn og ikkje minst store bilar.

Forbruksvarer
Slik var i alle fall det inntrykket ein fekk av livet i den mektigaste staten i verda. «The American Way of Life» blei eit positivt omgrep. Alt som det var stas med, var amerikansk, anten det var Wrigleys tyggjegummi eller iskrem. For den delen av ungdommen i Skandinavia som gjekk under nemninga «raggarar», var den største draumen å eige ein stor amerikansk bil, eit «dollarglis», jamvel om dei ofte måtte nøye seg med ein Volvo eller ein engelsk motorsykkel. Også i dag er det «American Car Clubs» i Noreg.

Hollywood-filmen
Eit viktig element i den amerikanske kulturelle dominansen var filmindustrien. Hollywood, med sine underhaldningsfilmar og si stjernedyrking, konkurrerte ut europeiske filmar i kampen om det store filmpublikum. På dei fleste norske ungjenterom hang det i 1950-åra bilete av amerikanske filmstjerner. Hollywood produserte den eine sexbomba etter den andre, stjerner som hadde sin fremste kvalitet i midjemålet og trutmunnen. Marilyn Monroe hadde desse kvalitetane og blei kjæledegge for heile verda. Men det blei snart klart at ho hadde andre kvalitetar enn dei fysiske. Ho var ein god skodespelar, men Hollywood ville halde på henne som eit sex-trekkplaster. Kanskje var det ein av grunnene til at ho i 1962 døydde etter ein overdose sovepiller.

Tidleg opprør også i filmen
Hollywoodfilmane i 1950-åra hylla «The American Way of Life», men det fanst også filmskaparar som reiste kritikk mot det amerikanske samfunnet. Eit eksempel er Nicholas Ray med filmen «Rebel Without a Cause». Originaltittelen kan omsetjast med «Opprørar utan grunn» (den norske tittelen blei «Rotløs ungdom»). Det dreiar seg ikkje om eit politisk opprør – filmen skildrar ein gjeng av ungdommar som blir kriminelle. Det filmen kan seiast å kritisere, er dei snobbete foreldra til hovudpersonen. For dei er suksess og god økonomi viktigare enn sonen.

«Rotløs ungdom» var ein film som blei dyrka av tusenvis av ungdommar. Filmen kom på same tid som rockemusikken, som også var eit brot med det trygge og besteborgelege i amerikansk kultur. Ungdomsopprøret i 1950-åra var ikkje politisk, men det var likevel eit opprør. Og det var samstundes typisk amerikansk, men også anti-amerikansk i ein del av haldningane.