Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  20 (Ei todelt verd)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Krigen i Vietnam
   
  20. EI TODELT VERD
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Krigen i Vietnam

Eit mareritt for amerikanarane – også i ettertid
Krigen i Vietnam blei eit mareritt for USA. Den sterkaste militærmakta i verda - med opp imot ein halv million mann stasjonert i landet på det meste - tapte for ein geriljahær. Eit slikt militært tap var sjølvsagt eit prestisjenederlag, men like viktig var den protesten mot krigen som USA opplevde både ute i verda og heime.

Opposisjonen voks i USA
Samtidig som dei amerikanske styrkane var utan framgang, kom det stadig rapportar om overgrep og rå framferd frå slagmarka. Blant anna blei den såkalla My Lai-massakren frå 1968 ein vekkjar for mange. Her blei kanskje fleire hundre landsbybuarar myrda av eit amerikansk kompani. Operasjonen blei sagt å vere jakt på Vietcong-soldatar, men dei drepne var hovudsakeleg kvinner, barn og eldre. Hendinga blei først dekt over, men lak etter kvart ut og blei sterkt kritisert. Slike rapportar forsterka inntrykket av krigen som grufull og meiningsløys.

Studentopprør i USA
Protestane og aksjonane i USA blei etter kvart så omfattande og fekk ein slik karakter at mange følte at den amerikanske samfunnsordninga var i fare. Protestane var særleg sterke ved fleire universitet. Fleire vernepliktige brende innkallingskorta sine under store demonstrasjonsmøte, i protest mot at studentar blei skrivne ut til krigsteneste. Universitetsområda blei fleire gonger okkuperte av protesterande studentar. Ved Kent State University i Ohio blei soldatar sette inn mot aksjonerande studentar 4. mai 1970, og fire studentar blei skotne av Nasjonalgarden. Hendinga førte til sterke reaksjonar ved andre universitet, mellom anna i Berkeley i California, der biletet av den tåregasskastande studenten er teke.

Amerikansk oppgjer i ettertid
Også i ettertid har USA prøvd å ta eit oppgjer med Vietnamkrigen. Fleire filmar og romanar tek på ulike måtar opp denne krigen. Av kjende filmar kan vi nemne «Hjortejegeren» (1978) av Michael Camino og «Apokalypse nå» (1979) av Francis Ford Coppola. Men Oliver Stone, som sjølv var i Vietnam som soldat, har skapt den mest realistiske skildringa av korleis amerikanske soldatar opplevde krigen. I filmen «Platoon» er det verken heroisering eller overdriving å finne.