Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  21 (Etterkrigstid og sosialdemokratisk orden i Noreg)   >  Portrett  >  Einar Gerhardsen
   
  21. ETTERKRIGSTID OG SOSIALDEMOKRATISK ORDEN I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Einar Gerhardsen

Einar Gerhardsen (1897–1987) er den politikaren som har hatt størst innverknad på etterkrigs-Noreg. Han var statsminister i heile 17 år, mesteparten av tida med eit fleirtal i Stortinget bak seg. Dette gav Gerhardsen og mennene hans enorm makt.

Ordførar og motstandsmann
Einar Gerhardsen var arbeidarklassegut frå Oslo, og tok til å arbeide då han var ti år. Gerhardsen kom tidleg inn i arbeidarrørsla og i Arbeidarpartiet. Under krigen var han aktiv motstandsmann, og han blei arrestert av tyskarane i 1941. Han sat i konsentrasjonsleir i Tyskland og på Grini. Gerhardsen var ordførar i Oslo då krigen kom til Noreg.

Etterkrigstid og bygging av Noreg
Etter krigen blei det skipa ei samlingsregjering, og Gerhardsen, som leiar for det største partiet, styrte denne. Einar Gerhardsen var ein populær mann, men utover på 1960-talet var det fleire som blei kritiske til det som har blitt kalla Arbeidarparti-staten, og Ap mista fleirtalet i Stortinget.

Det var gruveulykka i Kings Bay som til slutt førte til at Gerhardsen måtte gå av som statsminister i 1963.

Levande formidlar
Einar Gerhardsen har skrive mange bøker om sitt liv, og dei er selde i store opplag. Dei siste åra av sitt liv brukte han mykje tid på å reise rundt og fortelje barn og ungdom om livet sitt.