Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  21 (Etterkrigstid og sosialdemokratisk orden i Noreg)   >  Portrett  >  Rolf Kirkvaag
   
  21. ETTERKRIGSTID OG SOSIALDEMOKRATISK ORDEN I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Rolf Kirkvaag

Rolf Kirkvaag (1920–2003) var mannen som klarte å samle heile Noreg rundt radioapparata på 1950- og 1960-talet. Det kan vere vanskeleg for oss å forstå i dag, men radioen samla den gongen fleire tilhøyrarar enn noko fjernsyns-program kan ha sjåarar i dag.

Populære program
Kirkvaag begynte som sportskommentator, men gjekk over i underhaldningsavdelinga i NRK, der han stod for laurdagsunderhaldninga i program som:

  • "Vi ringer, De svarer"
  • "Det spørs"
  • "20 spørsmål"

Han hadde direktesendingar frå fly og ballong, dykka i Oslofjorden og leidde spørjeprogram. Han var ein folkeleg mann og utruleg populær.
I 1956 var han med i ei flyulykke, og folk var livredde for at han hadde omkomme.

Fjernsyn og Sjonkel Rolf
Rolf Kirkvaag var ein nyskapar av radioprogram i Noreg. Seinare gjekk han over i fjernsynet, og er mest kjend for barneprogramma med Titten Tei, og var ”Sjonkel Rolf” for alle barna. Sonen hans, Trond Kirkvaag, har gått i fotspora til faren som ein kjend og kjær fjernsyns-underhaldar.