Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  21 (Etterkrigstid og sosialdemokratisk orden i Noreg)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Regjeringserklæringa til Einar Gerhardsen
   
  21. ETTERKRIGSTID OG SOSIALDEMOKRATISK ORDEN I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Regjeringserklæringa til Einar Gerhardsen - lydklipp


Kompetansemål

Elevane skal kunne

  • bruke digitale verktøy til å planleggje, gjennomføre og presentere ei problemorientert undersøking ut frå eigne spørsmål til eit historisk materiale
  • presentere ein historisk person og drøfte korleis idear og samfunnsforhold i samtida påverka tenkjemåtane og handlingane til denne personen
  • gjere greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknader dei fekk for Norden og det internasjonale samfunnet
  • gjere greie for nokre økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i Noreg etter 1945


Rollespel
Opplegget er eit rollespel der elevane skal bruke fantasien og prøve å setje seg inn i korleis ein prøvde å gå i gang med å styre Noreg etter den andre verdskrigen.

Elevane bør først lytte nøye til erklæringa i lydklippet under og leggje merke til dei viktigaste punkta. Dei bør deretter finne informasjon om kven Einar Gerhardsen var, og kva som skjedde våren og sommaren 1945. Så kan dei gjennomføre eit rollespel der dei ser for seg korleis debattane før regjeringserklæringa kan ha arta seg.

I neste omgang bør elevane reflektere over desse spørsmåla: Denne samlingsregjeringa var den første regjeringa, umiddelbart etter krigen, og absolutt alle partia var med. Korleis blei regjeringserklæringa til? Kven var med på å utforme erklæringa? Var det problem undervegs? Korleis kunne dei ulike partia samarbeide? Korleis kom dei fram til dei viktigaste punkta?

La elevane gjennomføre rollespelet, der dei er representantar for partia som har vore med på å utarbeide regjeringserklæringa. Her kan læraren gjerne styre kva rollefigurar som skal vere med, og kva dei skal fokusere på under forhandlingane om regjeringserklæringa. Desse rollene bør definitivt vere med:

  • Statsminister: Einar Gerhardsen (A)
  • Utanriksminister: Trygve Lie (A)
  • Statsråd, Forsvarsdepartementet: Oscar Torp (A)
  • Statsråd, Finansdepartementet: Gunnar Jahn (Heimefronten)
  • Statsråd, Justisdepartementet: Johan Cappelen (V)
  • Statsråd, Kyrkje- og undervisningsdepartementet: Kåre Fostervoll (A)
  • Statsråd, Landbruksdepartementet: Einar Frogner (Bp)
  • Statsråd, Forsynings- og gjenreisingsdepartementet: Egil Offenberg (H)
  • Statsråd, Skipsfartsdepartementet: Tor Skjønsberg (Heimefronten)
  • Konsultativ statsråd, Sosialdepartementet: Kirsten Hansteen (NKP)