Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  22 (Vekstkritikk og norsk oljeeventyr)   >  Arbeidsoppgåver  >  Nettoppgåver  >  Noreg og EF/ EU
   
  22. VEKSTKRITIKK OG NORSK OLJEEVENTYR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Noreg og EF/EU (kapittel 22 og 23)

I Noreg har vi hatt to folkeavrøystingar om medlemskap i EU. Båe gongene har nordmenn sagt nei til EU. Kvifor? Kva hende i 1972 og i 1994 som gjorde at nei-sida vann? Studer statistikken under og les artikkelen.

  1. Kva blei resultatet av folkeavrøystingane om EF i 1972 og EU i 1994?
  2. Kva for skilnader finn du i røystegivinga i ulike delar av landet, og kva kan årsakene vere til desse skilnadene?
  3. Kva for endringar finn du i resultata i ulike delar av landet frå 1972 til 1994, og kva kan årsakene vere til desse endringane?
  4. Kva for argument for og imot medlemskap blei brukte i 1972 og i 1994?
  5. Gjer greie for årsakene til at nei-sida vann i 1972 og i 1994.


Nettstader:

http://www.ssb.no/a/kortnavn/euvalg/eu_norge.html?
Tabell frå Statistisk Sentralbyrå med resultat etter fylke frå folkeavsrøystingane i 1972 og 1994.

www.ssb.no/a/kortnavn/euvalg/eukart72_94.html?
Kart frå Statistisk sentralbyrå som viser endringane i landet frå folkeavrøystinga i 1972 til 1994.

https://www.norgeshistorie.no/oljealder-og-overflod/artikler/1946-norges-nei-til-eu-i-1994.html
Artikkel om folkerøystingane. Frå norgeshistorie.no (UiO)