Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  22 (Vekstkritikk og norsk oljeeventyr)   >  Portrett  >  Trygve Bratteli
   
  22. VEKSTKRITIKK OG NORSK OLJEEVENTYR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Trygve Bratteli – arbeidde seg til toppen

Trygve Bratteli (1910–1984) blei fødd på Nøtterøy. Han tok tidleg til å arbeide, først som visargut, så som kvalfangar og bygningsarbeidar. I 1940 blei han sekretær i Arbeidarpartiet.

Fange i natt og tåke
Under krigen var han ein aktiv motstandsmann, og i 1942 blei han arrestert av tyskarane og send til ein Nacht und Nebel-leir i Tyskland. Opphaldet i fangenskap har han skildra i boka Fange i natt og tåke, ei av dei mestseljande bøkene i Noreg.

Gjekk av på grunn av EF
Etter krigen blei han nestleiar i Arbeidarpartiet, og han var leiar frå 1965. I 1950 blei han vald inn på Stortinget, og i 1971 blei Bratteli statsminister. Den store saka var norsk EF-medlemskap. Bratteli gjekk inn for medlemskap, og då resultatet blei nei, gjekk han av som statsminister fordi han meinte han ikkje hadde tillit frå folket.

Han var statsminister igjen i 1973 til 1976.

Dyktig, men aldri folkekjær
Trygve Bratteli levde i skuggen av Gerhardsen, og det var ikkje lett å ta over etter han som statsminister. Bratteli blir omtala som ein mann med stor arbeidskraft, høg intelligens og moralsk integritet. Beundringa for han var stor i politiske krinsar, men han var ein noko fjern leiar for folket.