Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  22 (Vekstkritikk og norsk oljeeventyr)   >  Portrett  >  Gerd Brantenberg
   
  22. VEKSTKRITIKK OG NORSK OLJEEVENTYR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Gerd Brantenberg – møtt med tausheit av det offentlege Noreg

Før 1972 var homofili forbode i Noreg. Det var få som var opne om si homofile legning. Sjølv i Forbundet av 1948, organisasjonen for dei homofile, var dei fleste registrerte med falskt namn.

Skreiv under fullt namn
Kvinnerørsla på 1970-talet fekk mykje å seie for lesbisk frigjering, og nokre stod ope fram som lesbiske. Ei av dei var Gerd Brantenberg (1941– ). I 1973 kom ho med boka Opp alle jordens homofile, den første boka om homofile skriven under fullt namn.

Ville ikkje godta forbodet
Brantenberg var 23 år då ho fann ut at ho var lesbisk, og ho ville ikkje godta at det var forbode for henne å vise kjenslene sine. Ho budde saman med kjærasten sin i Danmark i 1972, og blei den første av to kvinner som stod ope fram som homofil i Noreg.

Omfattande tabu
Boka hennar blei møtt med tausheit av det offentlege Noreg, noko som viser kor omfatta av tabu homofili var. Av andre homofile blei boka lest flittig, og ho blei viktig i den vidare kampen for rettane til dei homofile.

Gerd Brantenberg har også skrive boka Egalias døtre, ei bok om eit samfunn der menn og kvinner byter roller. Boka blei ein internasjonal suksess på 1970-talet.