Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  22 (Vekstkritikk og norsk oljeeventyr)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Kvinnekamp
   
  22. VEKSTKRITIKK OG NORSK OLJEEVENTYR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Kvinnekamp

Denne oppgåva eignar seg som gruppearbeid.

1970-talet er eit viktig tiår for kvinnekampen i Noreg. Elevane vel eit av områda under og gir ein presentasjon av kva som hende innanfor det området på 1970-talet. Dei bør komme inn på kva ein kjempa for, kvifor ein kjempa for dette, kva for ulike syn på saka som blei debatterte, aksjonsformer, deltakarar og resultat.

Område for kvinnekampen:

  • Abort
  • Politikk
  • Lesbisk frigjering
  • Pornografi og prostitusjon
  • Mishandling av kvinner
  • Kvinner og idrett
  • Seksualopplysing
  • 8. mars som kampdag
  • Arbeidsliv
  • Minoritetskvinner


Nettstad:

http://www.kampdager.no/
Nettstaden kampdager.no tek for seg norsk kvinnerørsle på 1970-talet. Klikk deg inn på dei ulike temaa ut frå denne hovudsida.