Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  22 (Vekstkritikk og norsk oljeeventyr)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Alta-aksjonar
   
  22. VEKSTKRITIKK OG NORSK OLJEEVENTYR
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Alta-aksjonar

Kven eig vatnet, jorda og lufta?
Utbygginga av Alta-vassdraget skapte mykje strid og fekk store politiske konsekvensar. Stortinget vedtok i 1978 å byggje ut det største vassdraget i Finnmark, Alta-Kautokeino-vassdraget, med ein stor lokal laksestamme og den største canyonen i Nord-Europa. Utbygginga ville setje eit stort område under vatn bak ei ti meter høg demning, område som var viktig beite- og trekkland for reinflokkane til samane. Samane og dei kommunane det gjaldt, protesterte, og Naturvernforbundet prøvde å stoppe bygginga med rettssak.

Demonstrasjonar
Da maskinane skulle setje i gang året etter, blei dei stoppa av demonstrantar frå heile landet, som hadde lenkja seg fast i protest mot miljøinngrepa og overgrepa mot den samiske bruksretten til vidda og vatnet. Demonstrantane blei taua bort og bøtelagde av politiet. Deretter sette demonstrantar og sveltestreikande samar seg framfor Stortinget.

Utbygging vedteken på nytt
Stortinget vedtok på nytt utbygging i 1980, med argumentet om at Alta-krafta ville vere heilt nødvendig om ikkje veksten og velferdsauken i Noreg skulle stoppe opp. «De vil vel ha det varmt i husa dykkar, vil de ikkje?» Likevel auka demonstrasjonane på anleggsstaden, og styresmaktene sette inn 620 politifolk med militære kjøretøy. Demonstrantane blei slepte bort og bøtelagde, slik at arbeidet kunne starte.

Dammen og kraftverket stod ferdig i 1987. Da var krafta frå Altaverket blitt lita i forhold til det auka forbruket av elektrisk kraft. Det blei også påvist at både energisløsinga på brukarsida og energitapet i gamle kraftverk og leidningar oversteig Altakrafta mange gonger.

Alta-saka og den politiske dagsordenen
Altasaka sette tre spørsmål på dagsordenen: energisparing, samiske rettar og sivil ulydnad. Så lenge ein heldt fram å byggje ut stadig fleire vassdrag for å skaffe billeg elektrisitet, ville ein ikkje få folk til å spare på energien. Undersøkingar viste at krafta måtte vere dyrare for at folk skulle spare, fordi store grupper heller ville spare eigne pengar enn miljøressursane for fellesskapen.

Den samiske befolkninga har i dag etter norsk og internasjonal lov status som urbefolkning. Det vil seie at samane har visse bruksrettar til landområde. Dette er framleis eit omstridt spørsmål fleire stader i Noreg. Den samiske befolkninga sin rett til naturressursane blei sterkt fokusert under Altastriden.
Spørsmålet om sivil ulydnad stod sentralt i Altasaka. Var det moralsk rett å setje seg opp mot styresmaktene, vere «ulydige», når politikken til styresmaktene braut med viktige verdiar i eit samfunn? Var det ikkje plikta til menneska å reagere når overgrep blei gjorde mot naturen, mot minoritetar i samfunnet og mot framtidige generasjonar?