Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  23 (Liberalisering og jappetid i Noreg)   >  Portrett  >  Grete Waitz
   
  23. LIBERALISERING OG JAPPETID I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Grete Waitz – den største norske idrettsutøvaren gjennom tidene?

Grete Waitz (1953– ) er kanskje den største norske idrettsutøvaren gjennom tidene. Ho tok ei rekkje medaljar:
  • VM-gull i maraton i 1983
  • OL-sølv 1984
  • VM-gull i terrengløp 1978–81 og 1983
  • VM-bronse i 1982 og 1984
  • EM-bronse på 1500 m 1974 og 3000 m 1978.
  • Vann New York City Marathon ni gonger.
Resultata hennar har hatt mykje å seie for norsk friidrett og ikkje minst for kvinneidretten i Noreg.

Den første under to og ein halv time
I 1979 blei ho den første kvinna som sprang maraton på under to og ein halv time. I 1984 gjekk det første Grete Waitz-løpet, det største mosjonsløpet for kvinner i verda. Samtidig blei det avduka ein statue av henne utanfor Bislett stadion i Oslo.

Forkjempar for folkehelsa
Grete Waitz er også tildelt St. Olavs orden. Etter at ho gav seg som aktiv idrettsutøvar, har ho arbeidd for å fremje mosjonsidrett, særleg blant kvinner.