Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  23 (Liberalisering og jappetid i Noreg)   >  Portrett  >  Kåre Willoch
   
  23. LIBERALISERING OG JAPPETID I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Kåre Willoch – frå næringslivet og inn i Høgre

Kåre Willoch (1928– ) er utdanna sosialøkonom og arbeidde i næringslivet før han blei stortingsrepresentant for Høgre i 1958. Han var handelsminister i to regjeringar og blei leiar i Høgre i 1970.

Viktig mann for partiet
Willoch var sterkt involvert i utforminga av politikken til Høgre, og då Høgre vann valet i 1981, danna han regjering. Først var det ei rein Høgre-regjering, men ho blei seinare utvida med Sp og KrF. Usemje om den økonomiske politikken førte til at Willoch fekk kabinettspørsmål mot seg og gjekk av i 1986.

Gro og Kåre
På 1980-talet deltok Willoch i mange politiske debattar mot Gro Harlem Brundtland. Gro og Kåre blei eit omgrep, og debattane kunne gå hardt for seg. Willoch blei Noregs representant for Høgrebølgja og liberaliseringa på 1980-talet.

Mot venstre?
I 1989 gjekk han ut av politikken og blei fylkesmann i Oslo. Likevel har han sidan vore ein aktiv deltakar i den politiske debatten i Noreg. Mange meiner han har gått vekk frå det konservative politiske synet sitt etter at han gjekk ut av politikken. I dag støttar han blant anna palestinarane si sak i Midtausten-konflikten, noko som ville vore utenkjeleg på 80-talet.