Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  23 (Liberalisering og jappetid i Noreg)   >  Portrett  >  Gro Harlem Brundtland
   
  23. LIBERALISERING OG JAPPETID I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Gro Harlem Brundtland – engasjert lege med politikargen

Gro Harlem Brundtland (1939– ) kjem frå ein politikarfamilie i Oslo. Ho er utdanna lege og arbeidde som lege før ho blei stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i 1977. Som lege sat ho i abortnemnder, og var forkjempar for fri abort.

Først og yngst
Brundtland var miljøvernminister frå 1974, og blei den første kvinnelege statsministeren i Noreg, og den yngste, i 1981. Regjeringa hennar hadde eit fleirtal kvinnelege medlemmer, noko som gjorde Gro kjend over heile verda.

Folkeleg og jordnær statsleiar
Folket var på fornamn med Gro. Ho deltok i ei rekkje debattar på 1980-talet mot Kåre Willoch. Gro blei viktig for kvinnerørsla i Noreg, og det var ikkje alle som var like glad for ein kvinneleg statsminister. Brundtland blei utsett for hetskampanjar.

Likestilling, miljø og helse
Den første regjeringa hennar sat berre i sju månader, men ho kom tilbake som statsminister i 1986 og 1990. Brundtland var spesielt opptatt av likestilling og miljøet. Hun leidde Verdskommisjonen for miljø og utvikling, noko som resulterte i rapporten Vår felles framtid.

Hennar internasjonale engasjement held fram etter at ho gjekk ut av norsk politikk, og blei leiar for Verdas Helseorganisasjon.