Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  23 (Liberalisering og jappetid i Noreg)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Demonstrasjonane fortel
   
  23. LIBERALISERING OG JAPPETID I NOREG
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Demonstrasjonane fortel (kapittel 22 og 23)

Under følgjer ein serie av slagord som har blitt brukte frå 1945 til i dag. Dei er sette opp vilkårleg, og oppgåva di er å sortere dei. Det kan du gjere på ulike måtar – du kan sortere dei etter sak eller ordne dei kronologisk. Dersom du ordnar dei kronologisk, må du gi argument for at rekkjefølgja di er den rette. Dersom du sorterer dei etter saker, må du finne argument for at det er rett slagord til rett sak. Du skal med andre ord bruke historiekunnskapane dine til å avgjere kva som skjuler seg bak kvart slagord.

Nokre av slagorda bruker historia som argument for «si» sak – dei bruker med andre ord historia politisk. Prøv å finne fram til dei slagorda det gjeld, og gi argument for kvifor du meiner dei bruker historia politisk.

1 Gi meg råd til å være sykepleier
2 Hitra aksjonen – morgendagens bygdenorge
3 Hele folket i arbeid
4 Atlantpakt betyr krig
5 Elva skal leve
6 Frihet gjennom solidaritet
7 Med livet som innsats – laveste lønnssats
8 Likt ansvar for samfunn og hjem
9 Mindre lekse mer fritid
10 Ja til norsk sjølvråderett
11 Me vil framleis plokka plommer i Hardanger
12 Stem mot kommunistene
13 En ny vei for Norge
14 Arbeid = verdiskapning. Ledighet = fattigdom
15 Norge for nordmenn
16 Norge må ikke bli en slagmark
17 Mer miljøvennlig jordbruk, legg om driftsmåtene
17 Slå ring rundt grunnloven
18 Mat, ikke kanoner
19 By og land hand i hand
20 Nå vil vi ligge øverst
21 Nei til fri abort. Til kamp for livet
22 Full støtte til barnehagelærerstreiken
23 Nei til gasskraftverk
24 Til kamp mot EEC og dyrtid
25 Stans atomprøvene
26 Boikott franske varer