Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  24 (Rikdom og fattigdom)   >  Portrett  >  Bob Geldof
   
  24. RIKDOM OG FATTIGDOM
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Bob Geldof – ein ekte irsk rockar

Bob Geldof (1954–) blei fødd i Dublin i Irland. Han studerte ved Black Rock College, før han tok jobb som musikkjournalist i Canada. Geldof blei sidan frontfigur og vokalist i bandet the Boomtown Rats.

Band Aid
I 1984, opprørt over bileta frå sveltande menneske i Etiopia, tok han initiativ til å skipe Band Aid, eit slags hjelpefond beståande av artistar. Før jul det same året gav dei ut singelen «Do they know it’s Christmas». Geldof drog sjølv til Etiopia og såg dei elendige tilhøva folk levde under.

Han kasta seg også ut i diskusjonar med statsminister Margaret Thatcher om politikken til Storbritannia og dei rike landa overfor dei fattige landa i verda.

Samla inn 56 millionar pund
I 1985 stod han bak Live Aid, to gigantiske konsertar som blei arrangerte samtidig i London og Philadelphia, og som blei sende via satellitt til heile verda. Band Aid og Live Aid samla til saman inn 56 millionar pund til dei sveltande i Etiopia.

Adla for innsatsen
Geldof blei i 1986 adla for denne innsatsen. Geldofs brennande engasjement har i ettertid påverka innstillinga til andre artistar når det gjeld velgjerdskonsertar ved å vise kor mykje ein faktisk kan få til. Han hjelpte også til å setje fokus på det stadig veksande skiljet mellom fattige og rike.