Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  24 (Rikdom og fattigdom)   >  Portrett  >  Mor Theresa
   
  24. RIKDOM OG FATTIGDOM
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Mor Theresa – ville leve blant dei fattige

Mor Theresa (1910–1997) heitte opphavleg Agnes Gonncha Gojaxihu. Ho blei fødd i Skopje som i dag er hovudstaden i Makedonia. Berre 12 år gammal kjende ho seg kalla av Gud til å hjelpe fattige, og atten år gammal blei ho med i den irske nonneordenen Loreto-systrene i India.

Ville leve blant dei fattige
I 1931 gjorde ho klosterløftet, og det nye namnet hennar blei Theresa. I 19 år underviste ho jenter frå den indiske overklassa, men ho kjende Gud tale til seg at ho skulle dra frå klosteret og leve blant dei fattige.

Misjonærar av miskunn
Ho tok eit intensivt sjukepleiarkurs og begynte å arbeide i slummen i Calcutta. Ho underviste heimlause barn, delte ut mat til fattige og opna eit primitivt hospital der døyande menneske kunne få ein verdig livsslutt. I 1950 grunnla ho systerordenen Misjonærar av miskunn. Ordenen fekk enorm vekst og blei i 1965 underlagd paven.

Pengar frå diktatorar og svindlarar?
Mor Theresas arbeid blei svært godt motteke, og i 1979 fekk ho Nobels fredspris. I ettertid har ho blitt skulda for å ta imot pengar frå diktatorar og svindlarar, og å leve langt frå ideala ho bar bod om.