Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  24 (Rikdom og fattigdom)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Sør-Korea og Ghana
   
  24. RIKDOM OG FATTIGDOM
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Sør-Korea og Ghana (kapittel 7, 19 og 24)


Kompetansemål

Elevane skal kunne
  • presentere sentrale trekk ved kolonialismen og situasjonen i eit ikkje-europeisk område, sett frå ulike perspektiv
  • finne eksempel på hendingar som har forma historia til eit ikkje-europeisk land etter 1900, og reflektere over korleis landet kunne ha utvikla seg om desse hendingane ikkje hadde skjedd

Opplegg
Ta utgangspunkt i Sør-Korea og Ghana, to land som hadde om lag same BNP da dei blei sjølvstendige. På sjølvstendedagen var den største eksportnæringa i Sør-Korea fisk, mineral og menneskehår til parykkar, mens Ghana var mest kjent for gullførekomstane. Sør-Korea er i dag eit land med høgt utvikla industri, mens Ghana framleis er ein råvareprodusent.

Korleis kan politikken som har blitt ført i desse to landa, forklare at dei har utvikla seg så ulikt? Kan den kalde krigen ha spela ei rolle her? Elevane leitar etter og arbeider systematisk med kjelder før dei legg fram funna sine for klassa. Oppgåva høver godt til vurdering med karakter.