Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  25 (Menneske og miljø)   >  Portrett  >  Greenpeace
   
  25. MENNESKE OG MILJØ
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Greenpeace – uavhengige idealistar

Greenpeace er ein internasjonal miljøorganisasjon som blei stifta 1971 i Vancouver, Canada. Organisasjonen er både økonomisk og politisk uavhengig og har hovudsete i Nederland. Greenpeace har kontor i over 30 land, hundrevis av ekspertar og over 2,5 mill. medlemmer.

Aksjonistar og lobbyistar
Gjennom ikkje-valdelege aksjonar, mellom anna mot sel- og kvalfangsten i Noreg, informasjonsarbeid og lobbyverksemd set dei søkjelyset på miljøproblem og løysingar på desse. Greenpeace har medverka til eit sterkare miljøengasjement både blant publikum, politikarar og bedrifter, og har mykje av æra for:
  • forbodet mot dumping av radioaktivt avfall
  • forbodet mot gruvedrift i Antarktis dei neste 50 åra
  • ein internasjonal avtale som forbyr kjernefysiske prøvesprengingar
  • forbod mot bruk av KFK-gassar
  • ein avtale som har som mål å stoppe dei menneskeskapte klimaendringane
Greenpeace Norden
Greenpeace blei etablert i Noreg første gongen i 1988. I 1998 blei organisasjonane i Sverige, Noreg og Finland slått saman og fekk hovudkontor i Stockholm, og i 1999 blei også Danmark del av Greenpeace Norden.