Du er her: Hovudsida  >  Nyare historie  >  Nyare historie  >  25 (Menneske og miljø)   >  Portrett  >  Gro Harlem Brundtland
   
  25. MENNESKE OG MILJØ
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart og grafar
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Gro Harlem Brundtland – lege og politikar

Gro Harlem Brundtland (1939–) er utdanna lege. Ho var assisterande overlege ved Oslo Helseråd 1968–1974, men er meir kjend for sin politiske karriere. Frå 1977–1997 var ho stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, frå 1974–1979 som miljøvernminister.

Vår felles framtid
Frå 1981–1992 var Brundtland leiar for Arbeidarpartiet, og frå 1986–1989 og 1990–1996 sat heile Noregs Gro som statsminister. I 1984 blei Brundtland oppnemnd som leiar for FNs verdskommisjon for miljø og utvikling. Rapporten med tittelen Vår felles framtid blei lagd fram for Generalforsamlinga i 1987.

Berekraftig utvikling
Hovudkonklusjonen var at utviklinga i dag tærar for mykje på jorda sine naturressursar. Denne vedgåinga gav omgrepet berekraftig utvikling; ei utvikling som kjem dagens behov i møte utan å gjere sjansane ringare for kommande generasjonar til å dekkje sine behov.

Viktig vedtak
I tråd med tilrådingane i rapporten blei det vedteke at FN skulle halde ein global konferanse som skulle resultere i strategiar og metodar for å snu utviklinga i ei meir berekraftig retning, nasjonalt og internasjonalt. Frå 1998–2003 var Gro generaldirektør i Verdas helseorganisasjon, WHO.